Hopp til innhold

Fleire går frå kvarandre

Ein travel kvardag kan vere ein av grunnane til at talet skilsmisser i Sogn og Fjordane held fram med å stige. Det trur både familieterapaut og prost.

Giftering

GÅR FRÅ KVARANDRE: 196 par tok i 2010 ut skilsmisse i Sogn og Fjordane.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

- Alle som har prøvd å leve saman med andre veit at dette ikkje alltid er enkelt, seier familieterapaut Arnhild Selvik ved familiekontoret i Førde.

Stadig fleire skilsmisser

Statistikken til Fylkesmannen viser at det kvart einaste år vert stadig fleire som vel å gå ut av ekteskapet i Sogn og Fjordane.

Medan talet skilsmisser i 1999 var 137 var talet i fjor 196. Berre frå 2009 til 2010 har talet skilsmisser auka med 19 stykk.

Prost i Indre Sogn, Jermod Hausberg meiner det er beklageleg, men synst det er vanskeleg å seie noko bastant om årsaka.

- Eg trur litt av årsaka ligg i samfunnet vi lever i. Det er av og til krevjande å halde saman, seier Hausberg.

Han viser til at mange synst det er tøft å vere i eit samliv.

- Det er snakk om to personar som må dele på både forsørging og ulike karrierar, seier Hausberg.

For mange familiar er jula ei tøff tid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Julestress gjev kort lunte

JULA ER TØFF FOR MANGE: Jaget etter at alt skal vere perfekt fører til krangel og kaos i mange heimar i jula.

- Travle liv med mange roller å fylle

Arnhild Selvik er sosionom med vidareutdanning som familieterapaut. Ho meiner tala viser at Sogn og Fjordane er i ferd med å bli meir på linje med resten av landet.

- Vi har lagt litt etter i talet på skilsmisser til no, og no er vi kome meir på linje. Utan at det er noko positiv trend, seier Selvik.

Også ho meiner det er samansette grunnar til at stadig fleire vel å ta ut skilsmisse.

- Folk ønskjer å vere nøgde med ekteskapet, samtidig som dei vil vere ein god arbeidstakar og ein god forelder. Det vil seie at kvar enkelt har mange roller å fylle og ofte vert ein trøtt og sliten. Då går det fort utover dei aller næraste, forklarar Selvik.

- Kan vere eit problem for mange born

Selvik trur også det for mange kan vere enklare å skilje lag no enn tidlegare.

- Før var det kanskje slik at folk var meir økonomisk avhengige av kvarandre. Til ein viss grad er det slik også no, men dei aller fleste er økonomisk uavhengige, seier Selvik.

- Er det eit samfunnsproblem at så mange vel å skilje lag?

- Det synst eg er eit vanskeleg spørsmål. Men det som er klart er at det ofte vert tøft for borna når foreldra går frå kvarandre. Men dersom foreldra klarar å samarbeide og ikkje bur veldig langt i frå kvarandre, så kan det bli lettare. Men dei problema det skapar for borna gjer vel at ein kan kalle det eit samfunnsproblem.

- Ver realistiske

Verken Hausberg eller Selvik har noko fasitsvar på kva som kan gjerast for å få tala på skilsmisser til å gå nedover.

I tillegg til at folk kan be om hjelp frå mellom anna familiekontoret, stiller også kyrkja opp.

- Dei som ønskjer det kan få hjelp av oss i kyrkja til å prate om problem i samliv og ekteskap, seier Hausberg.

- Eg trur kanskje folk må vere meir realistiske og ikkje ha så store forventningar om at romantikken skal blomstre absolutt heile tida, seier Selvik.