NRK Meny
Normal

Fleire fylkesvegar blir stengde i kveld

På grunn av fare for skred og flaum blir ei rekkje fylkesvegar stengde utover kvelden og natta.

Statens vegvesen har bestemt at følgjande vegar må stengast på grunn av uvêret:

  • Fv. 609 vest for Førde er stengt ved Heilevang frå kl. 17
  • Frå klokka 22 stenger Fv. 664 på nordsida av Hornindalsvatnet både ved Otterdal og Navelsaker
  • Samtidig stenger Fv. 722 langs Oppstrynsvatnet forbi Flo, Fv. 723 stenger ved Bødal langs Lovatnet frå klokka 22. Det same gjør Fv. 724 ved Oldedalen.

Det blir ny vurdering laurdag morgon og føremiddag, ifølgje Statens vegvesen.

Vêrsituasjonen gjer at ei rekkje fjellovergangar er stengde eller har kolonnekøyring.