NRK Meny
Normal

Fleire frå fylket vil bli politi

Stadig fleire frå Sogn og Fjordane søkjer seg til Politihøgskolen. Fylket er eitt av dei som har aller størst auke i søkjarar.

Politi på jobb

MEIR POPULÆRT: I denne runden var det ein stor auke i folk frå Vestlandet som søkte seg inn på Politihøgskolen.

Foto: Jørn H. Moen / Scanpix

Den største auken ser ein blant søkjarar frå Nordmøre og Romsdal. Der auka talet på søkjarar til Politihøgskolen med 34,5 prosent frå førre år. Like bak ligg Sogn og Fjordane med 33 prosent. 129 personar i fylket har i år søkt seg inn på Politihøgskolen.

– Det er veldig positivt at det er mange frå Sogn og Fjordane, seier Kjetil Drange, som er leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.

Politihøgskolen hadde totalt 5664 søkjarar, noko som er eit rekordhøgt søkjartal. Det er ein auke på 11 prosent frå året før.

Søkjarauke trass nedlegging

I oversikta over årets søkjartal er det teke utgangspunkt i dei tidlegare politidistrikta. Men trass i at Sogn og Fjordane politidistrikt vart nedlagd ved årsskiftet, har talet søkjarar frå distriktet stige kraftig.

– Eg tenker at alt fokus som har vore på politiet er med på å reklamere for politiet. Sjølv om det har vore noko negativt er det mykje positivt i Sogn og Fjordane. Og vi som jobbar i fylket er glade for å jobbe her og vi er ambassadørar for politidistriktet, seier Drange.

– Er du overraska?

– Eg kjenner ikkje til talgrunnlaget, men prosentvis er det positivt. Slik sett kan ein seie at eg er positivt overraska.

Kan hindre gjennomtrekk

Drange trur auken i søkjartalet kan ha fleire årsaker, men trekkjer fram samfunnsutvikling som ei av dei.

Kjetil Drange

NØGD: Tillitsvald Kjetil Drange.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er litt tøffare tider i det private og då kan det kanskje blomstre opp det i offentlege, og ein jobb i politiet og staten er ein relativ sikker arbeidsplass, seier han.

Uansett meiner han det er svært viktig at folk frå distriktet vil bli politi. Visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden, har tidlegare fortalt at dei har store utfordringar med å få folk til å bli verande. Å få fleire tilsette med tilknyting til området vil kunne vere til hjelp, trur Drange.

– Vi har slite med ein del gjennomtrekk, og vi ser at det er lettare å halde på folk har som har tilhøyrsle til distriktet. Kanskje ikkje i første runde, for mange søkjer seg ut for å få utfordringar, men dei kjem gjerne tilbake, seier han.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå