Hopp til innhold

Fryktar fleire farlege forbikøyringar i sommar: Her går det nesten gale

Utrykkingspolitiet er uroa for farlege forbikøyringar om sommaren. Fredag vart Karl-Andre Foss (25) vitne til ei stygg forbikøyring.

LIVSFARLEG SITUASJON: Karl-Andre Foss (25) vart vitne til ei nesten-ulukke i Fjærland førre fredag. Foto: Privat

– Vi møtte mykje trafikk i Fjærlandstunnelen, og då låg bilen midt i vegen, seier Foss.

Før tunnelen hadde bilen allereie køyrt forbi Foss. Passasjeren i bilen til Foss filma det heile. Bilen ligg og vinglar over midtlinja og leitar heile tida etter sjansar til å køyre forbi vogntoget. Bilane som kom imot gav tydeleg beskjed.

– Alle bilistane vi møtte både fløyta og blinka med lysa, fortel han.

Til slutt klarer bilen å kome forbi, etter at vogntoget som låg framfor han måtte trakke kraftig på bremsa. Det heile skjedde fredag kveld i 20-tida.

– Føraren kan ikkje vere lokalkjend. Det er ganske uoversiktlege vegar her. Både dyr og turistar kan dessutan dukke opp langs vegane, seier han.

Foss synest ikkje det er kjekt å ferdast på vegen når ein kan risikere å møte på slike sjåførar.

– Det er alvorleg at folk som er sopass uansvarlege får lov til å køyre bil, seier 25-åringen.

Foss vedgår at han har sett fleire stygge forbikøyringar.

Up ser mange farlege forbikøyringar

Sjef for Utrykkingspolitiet i Noreg, Runar Karlsen, seier at møteeulukker utgjer største andelen av dødsulukker.

– 39 prosent av alle som mister livet i trafikken, skjer som følge av møteulukker. Og årsaka til møteulukker er ofte forbikøyringar. Sommartrafikken betyr mykje kø, og mange blir frista til køyre forbi. Mange køyrer på vegstrekningar der ein kanskje ikkje er så godt kjend med korleis kurvene og oversikta er, og så tek ein for høg risiko.

Han seier det openbert er ei fare for møteulukker om sommaren knytt til forbikøyringar.

– Vi ser altfor mange farlege forbikøyringar, og vi har mange av dei på video. Det er blind risiko, og med det meiner eg at dei håper det ikkje kjem ein bil rundt svingen, eller er at ein feilbereknar kor lang tid det tek å komme seg forbi og så smeller det.

Up fryktar ulukker og er difor ute på vegane og har kontrollar.

– Vi håper at fleire tenkjer seg litt meir om før dei tek risiko med forbikøyringar. Det er fleire dødsulukker i juni, juli og august enn det er i gjennomsnitt i dei andre månadane. Det kan vere fleire årsaker til det, men ei av årsaka kan vere aggressiv køkøyring.

Oppfordrar bilistar til å ta det med ro

Geir A. Moe i Norges Lastebileier Forbund (NLF) fortel at det generelt er mange som har det altfor travelt i trafikken.

– Mi oppfordring er å ta det med ro. Ein må akseptere at ein kanskje kjem eit par minutt seinare fram.

Moe meiner den store ferieutfarten delvis forklarar problemet.

Geir A. Moe

TRAVLE TRAFIKANTAR: Mange har det travelt i trafikken, seier Geir A Moe i Norges Lastebileier Forbund. Han oppfordrar folk til å slappe av.

– Dess meir trafikk det er, dess oftare ser ein at folk tek sjansar. Når det er mykje trafikk og det går seinare enn fartsgrensa blir folk stressa og vil køyre forbi, seier han.

Moe trur folk gløymer kor lang strekning ein faktisk treng for å komme forbi eit vogntog.

– Ein må hugse på at lastebilar og vogntog har store blindsoner. Dessutan treng dei lenger tid på å bremse ned om det oppstår ein farleg situasjon, åtvarar direktøren.

Han har ei klar oppfordring til bilistar:

Unngå å ta farlege sjansar i trafikken. Det er betre å ligge bak og ta det med ro. Ein sparar uansett ikkje mange minutt på å køyre forbi.

Vegvesenet: – Avbryt forbikøyringa!

Nils Rune Nævdal i Statens vegvesen meiner fleire bilistar gamblar på at det ikkje kjem ein møtande bil i ei forbikøyring.

Dei utset andre trafikantar for utruleg mykje risiko. Det handlar om andre liv, ikkje berre ditt eige, seier Nævdal.

Nævdal har tjue års erfaring som trafikkskulelærar og har lenge jobba i ulukkesgruppa til Statens vegvesen. Han fortel om det som vert kalla avbrytingspunktet.

Nils Rune Nævdal

BER BILISTAR TA DET MED RO: – Kva er gevinsten om du er to bilar lenger framme i køen eller ikkje? Gevinsten i tid er lik null, seier Nils Rune Nævdal i Statens vegvesen.

Foto: Terje Bødtker

– Det handlar om kor tid du vel å ta ei forbikøyring. Det er når du har innhenta bilen framfor deg du skal ta den endelege avgjersla om å føreta forbikøyringa eller avbryte.

Nævdal meiner problemet ligg i at folk allereie har bestemt seg for å køyre forbi.

– Det er ikkje snakk om å trekke seg tilbake. Når dei ser situasjonen som oppstår tek det berre sekund før det kan ende med front mot front.

Han legg til:

– Det er takka vere møtande bilar og den som vert forbikøyrd at det går bra.

Ved å halde på med slik uforsvarleg køyring har du ikkje spurt dei som kjem i mot om dei er med på denne ruletten. Det er uskuldige folk som blir ramma, seier Nævdal.

Nævdal ber bilistar senke skuldrene og slappe av.

– Kom heller fem minutt seinare! Tenk sikkerheit både for deg sjølv og ikkje minst dei andre trafikantane rundt deg, seier han.