Hopp til innhold

Fleire fødslar ved sjukehusa

Så langt i år er det fødd 1134 born ved dei tre sjukehusa i fylket. Dette er 46 fleire enn i heile fjor.

Baby
Foto: NRK

Dette viser dei oppdaterte fødselstala frå sjukehusa i Førde, Nordfjordeid og Lærdal, no når det berre er nokre dagar igjen av 2010.

Kraftig oppgang i Lærdal

Det er fødd 85 born ved fødestova i Lærdal så langt i år, ein oppgang på heile 24 frå i fjor.

- Det er veldig glede her hos oss. Mange av dei komande mødrene vel oss fordi vi er eit lite sjukehus med gode tilbod. Vi har både gynekolog og høve til å gjennomføre operasjonar, seier Elna Nilsson, jordmor ved den forsterka fødestova i Lærdal. Ho meiner det er forferdeleg at fødetilbodet i bygda er vedteke nedlagt.

Høgaste på mange år i Førde

Kvinneklinikken i Førde har så langt hatt 802 fødslar i år, ein oppgang på 22 frå i fjor. Førde går dermed mot det høgaste fødselstalet på mange år.

Nedgang i Nordfjord

Ved sjukehuset på Nordfjordeid har det imidlertid vore nedgang i fødselstalet, frå 247 til no i år, mot 267 i fjor. Medverkande til nedgangen på Nordfjordeid er sjukdom hos nøkkelpersonell, slik at fødeavdelinga i periodar har vore stengd.