Hopp til innhold

Fleire fødslar i fylket

I alt 485 born har på årets fem første månadar kome til verda ved sjukehusa i fylket.

Det er meir enn for same periode dei to siste åra. På fjorårets fem første månadar var talet 459 fødslar i Helse Førde.

Ved sentralsjukehuset i Førde har det så langt i år vore 340 fødslar, mot 324 i fjor. Nordfjord sjukehus hadde 108, mot 111 i fjor. Ved fødestova i Lærdal har det så langt i år vore 37 fødslar, noko som er ein oppgang på 13 i høve same tid i fjor.