NRK Meny
Normal

Fleire nordfjordingar kjem til verda i Volda

– Det er vel naturleg, seier Haldis Nilsen ved fødeavdelinga i Volda om auka pågang med fødande frå Nordfjord.

Volda sjukehus

VIL HIT: Stadig fleire fødande nordfjordingar vel å reise nordover til Volda, framfor å ta turen til sjukehuset i Førde.

Foto: Helse Sunnmøre

For fersk statistikk frå fødeavdelinga i Volda viser at 44 nordfjordingar har fødd i Volda så langt i år.

På same tid i fjor var talet 39.

– Det med reiseveg veit vi er ei ulempe, så akkurat der meiner vi det må vere betre å komme hit enn å få ein lang veg til Førde, seier Haldis Nilsen, seksjonsleiar ved fødeavdelinga i Volda.

Kan velje fritt

Etter at fødeavdelinga på Nordfjordeid vart lagt ned i 2012, stod dei gravide nordfjordkvinnene fritt til å føde i Volda eller i Førde. Allereie første veka kom seks nordfjordingar til verda i Volda. For med kortare reisetid til Volda, er det nettopp her mange fødande reiser.

Seksjonsleiar Kjellaug Fredly

BEST: Seksjonsleiar Kjellaug Fredly meiner sentralsjukehuset i Førde har det beste tilbodet til fødande.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Og fleire fødande gjev meir pengar og fleire tilsette ved avdelingane, så nordfjordkvinnene er svært så populære både i Førde og i Volda.

– Det er ein fordel for oss at vi får fødslar derifrå, vedgår Nilsen.

– Betre tilbod

Seksjonsleiar Kjellaug Fredly ved Kvinneklinikken i Førde meiner på si side at det samla tilbodet der er betre enn i Volda. Dette fordi Førde har ei eiga barneavdeling.

– Vi har eit anna tilbod, ikkje minst med tanke på at vi har barneavdelinga knytt til sjukehuset. Dei som har eit medisinsk behov utover det som Nordfjord i si tid kunne gje, dei må hit til Førde, seier ho.

– Det blir opp til dei fødande å vurdere kva dei tykkjer er best. Om dei vil dit og ha lenger reiseveg, eller hit og ha kortare, seier Nilsen i Volda.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.