Hopp til innhold

Uvêr herjar i fjellet – fleire fjellovergangar er stengde 1. juledag

Fjellovergangane Haukelifjell, Hardangervidda og Strynefjellet er alle stengde 1. juledag og blir ikkje opna før tidlegast måndag.

Storm på Haukeliseter

SNØSTORM: Slik såg det ut på Haukeliseter fjellstue på ettermiddagen 1. juledag.

Foto: Håkon Aarthun

Brøytemannskap på Haukelifjellet prøver akkurat no å få ut dei som er vêrfaste på Haukeliseter fjellstue, i ei kolonne.

– Akkurat no regnar det, og då fyk ikkje snøen, så no har vi eit par timar der vi skal prøve å få dei ut, seier skiftleiar for brøytemannskapa på Haukelifjell, Olav Stana.

Vegen over Haukelifjellet har vore stengt sidan i går, så det har ikkje vore mogleg for folk som er der, å kome seg nokon veg.

Vegen blir ikkje opna for trafikk over fjellet – det er kun for å få ut dei som er fast på fjellet.

I går, på julaftan måtte brøytemannskapa gi opp å halde vegen open.

– Forholda er brutale her oppe. Det ligg på liten storm og sterk kuling og masse nedbør. Vi klarer ikkje å halde det ope. Midt i vegbana ligg det ein meter med snø og vi kjem ikkje gjennom med brøytebil, sa Stana til NRK julaftan

På alle fjellovergangane i Sør-Norge er det no dårleg vêr, med sterk vind, snø og isdekke.

Statens vegvesen oppmodar folk som skal over fjellet i bil om å ta med nok mat, drikke, varme klede og sørge for å ha full tank med drivstoff.

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om at det kan bli ekstremvêr måndag kveld og natt til tysdag. Varselet omfattar Austlandet, Vestlandet sør for Stad og Møre og Romsdal. Publikum blir bedne om å halde seg oppdatert på vêrsituasjonen via radio, TV og nett.

Slik er situasjonen på fjellovergangane 1. juledag:

  • E6 Dovrefjell: Snø- og isdekke, liten kuling, ope for fri ferdsel

  • E16 Filefjell: Ope for fri ferdsel, snøbyer og liten kuling

  • E134 Haukelifjell: Stengd på grunn av uvêr, blir ikkje opna i dag

  • Rv 3 Kvikne: Vekslande bart, sporete, ope for fri ferdsel

  • Rv 7 Hardangervidda: Stengd på grunn av uvêr, blir ikkje opna i dag

  • Rv 13 Vikafjellet: Stengd på grunn av uvêr, blir ikkje opna i dag

  • Rv 15 Strynefjellet: Stengd på grunn av uvêr, ny vurdering 1. juledag

  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Liten kuling, snøbyer, fare for kolonnekøyring på kort varsel

  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Ope for fri ferdsel

  • Fv 50 Hol–Aurland: Stengd på grunn av uvêr

  • Fv 53 Tyin–Årdal: Stengd på grunn av uvêr

Oppdaterte vegmeldingar frå Statens vegvesen finn du her.