NRK Meny
Normal

Fleire fine haustdagar i sikte

Er du blant dei som ivrig sjekkar YR.no i håp om fleire fine haustdagar? Då har meteorologen godt nytt til deg for dei næraste dagane.

Bergsetnakkjen -utsikt mot indre Nordfjord.

FLEIRE SLIKE DAGAR: Litt regn innimellom kan vi vente oss, men det blir fleire slike dagar denne veka.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mange har nytta fridagane i haustferien ute i det fri. Naturen viser seg frå det mange meiner er si finaste side nett no, med eit fargespel av dei sjeldne.

Og sjølv om dei fleste er tilbake i kvardagen med jobb, skule og barnehage er det ingen som seier nei, takk til fleire slike finevêrsdagar.

Statsmeteorolog Kristin Sæther kan likevel ikkje love det aller beste vêret for i dag.

– I dag kan vi vente oss temperaturar om lag slik som i går. Det er venta særleg bris, med frisk bris på kysten. Vi får skya eller delvis skya vêr, det er utrygt for at det kan kome enkelte regnbyer, men elles blir det opphaldsvêr, seier ho.

Onsdag blir det sol

Men fortvil ikkje, det blir gradvis betre skal ein tru meteorologen.

– I morgon blir det enkelte regnbyer, men stort sett i ytre og midtre strok. Indre strok ser ut til å sleppe unna, seier Sæther.

Også tysdag er det venta sørleg bris, med frisk bris på kysten. På Stad kjem vinden i meir sørvestleg retning og der kan det difor kome opp i liten kuling.

Endå ein dag lenger fram kjem sola for alvor tilbake.

– Onsdag er det betring i vente. Det er framleis ein liten kuling på kysten og kanskje opp i stiv og sterk kuling på Stad. Men sett vekk frå vinden er det venta opphaldsvêr og periodar med sol. Så det blir ein ganske grei dag for dei som ikkje blir forblåst, seier Sæther.

Har du teke fine haustbilete? Del dei gjerne med oss med #nrksf

Mildt for årstida

Snart halvvegs i oktober er det også på tide å tenkje på dekkskifte. I løpet av dei siste vekene har kvikksølvet fleire gonger krope nedover mot null.

Det er tida for at det begynner å bli kjølig om natta, og det er absolutt på tide å begynne å tenkje på å skifte til vinterdekk, seier Sæther.

Natt til måndag har det derimot ikkje vore spesielt kaldt, seier ho og viser til at ein måtte ganske langt til fjells for å finne minusgradene i natt.

– Det har vore over ti grader på enkelte av stasjonane ute med kysten, og det er ganske mildt til å vere ei oktobernatt, konstaterer meteorologen.

Fine køyreforhold i fjellet

Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier dei får ein god del telefonar frå folk som lurer på om det er blitt glatt i høgda.

Måndag morgon er det fine forhold over alle fjellovergangane.

– Det er bart og vått, seier Erikstad og fortel at fylkesveg 55 over Sognefjellet er einaste unnataket. Der er det fare for glatte parti over ca. 1300 meter.

Sjå bileta på Instagram merka med #nrksf:

Laster innhold, vennligst vent..
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy