Hopp til innhold

Fleire fekk skyss heim av politiet

Laurdagsnatta i Sogn og Fjordane har vore av det rolege slaget. Men dei mest kranglete utelivsgjestane fekk skyss heim av politiet.

Skal ein tru politiet sine meldingar på Twitter har folk oppført seg fint rundt om kring i fylket i natt. Noko har likevel politiet hatt å henge fingrane i.

Like før midnatt tok politiet i Førde han om ein rusa og kranglete gjest ved ein serveringsstad i sentrum. Politiet tok seg ein prat med vedkommande, før dei skyssa kranglefanten heim.

Ein liten time seinare vart ein rusa mann funnen sovande i parken i Florø. Politiet såg til mannen og køyrde han heim.

Like før halv to natt til søndag var det på ny trøbbel ved ein av serveringsstadane i Førde sentrum. Vaktene på staden hadde fått problem med to av gjestane. Dei to roa gemytta då politiet kom, og vart etter kvart viste vekk.