Hopp til innhold

Fleire fekk problem på glatta måndag ettermiddag

Glatte vegar skapte måndag ettermiddag problem for mange bilistar i ytre deler av fylket.

Bil på taket i Bremanger

HAMNA PÅ TAKET: Ei kvinne kom frå det utan skadar då bilen ho køyrde gjekk rundt og hamna på taket

Foto: Politiet

I Bremanger hamna først eit vogntog lasta med stål utfor vegen ved Myklebustsætra og vart liggande i 45 grader vinkel. Ikkje lenge etter hamna ein personbil på taket på fylkesveg 616 på Bremangerlandet.

– Sjåføren kom seg ut ved eiga hjelp. Ho hevda seg uskadd, men var litt skjelven naturleg nok, seier Per Algrøy, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Bilbergar Glenn André Utnes Piel har rykt ut for å hjelpe vogntoget som har køyrt av vegen ved Myklebustsætra. Han fortel om vanskelege køyreforhold.

– Det snøar ganske kraftig og det har det gjort i heile dag. No ligg det om lag 10 centimeter med snø i vegbana, seier Piel.

Klokka 19.50 opplyser politiet at nok ein trailer står fast i Bremanger. Denne gongen på fylkesveg 616 i nordenden av Dalevatnet. Traileren sperrar heile vegen. Politi er på veg og bilbergar er bestilt, opplyser politiet på Twitter.

Sklei av vegen

SKLEI AV VEGEN: Dette vogntoget var godt skodd, men det hjalp ikkje når det måtte rygge for brøytebilen. Då enda ferda i grøfta ved Klungreset i Bremanger.

Foto: Politiet

Sperrar innkøyrsle

Klokka 16.55 fekk politiet melding om eit vogntog som hadde køyrt av vegen i Breivikvegen i Florø sentrum.

– Der er det ikkje meldt om personskade, men vogntoget sperrar ei privat innkøyrsle, seier Algrøy.

I Gulen klaga ein sjåfør over vondt i hovudet etter vogntoget han køyrde med høyballar velta i ein sving ved Midtunvegen.

– Uhellet har skjedd rett utanfor sentrum i Eivindvik. Her har føraren slått seg i hovudet, men ikkje noko alvorleg, seier Algrøy.

Vogntoget har velta og sperrar vegen. Det er bilbergar på veg.

Med blålys i 40 km/t

Tenestestadleiar Espen Gulliksen ved Bremanger lensmannskontor, som måndag ettermiddag har vore ute på fleire oppdrag, fortel om svært vanskelege køyreforhold.

– Eg har køyrt utrykking med blålys i 40 km/t. Det ser kanskje rart ut, men fortare er det ikkje tilrådeleg å køyre i dag, seier Gulliksen.

Han fortel om mykje snø og dårleg sikt.

– Dei som ikkje absolutt må ut å køyre bør halde seg heime. Her vil brøytemannskapa ha store problem med å ta unna snøen som no kjem, seier Gulliksen.