Hopp til innhold

Fleire faktafeil frå regjeringa

Arbeiderpartiet sitt faktagrunnlag for å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid sler stadig nye sprekker.

Tord Dale

FAKTAFEIL: Tord Dale, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet blir skulda for å leike med fakta.

Foto: NRK

- No er det så mange eksempel på at det berre blir leika med fakta. Regjeringa og Helsedepartementet har ikkje skilt mellom fakta og behovet for å kome opp med nokre argument for kunne gjere det dei ynskjer å gjere. Altså å legge ned i Nordfjord, seier Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo.

Det er ikkje berre når det gjeld reiseavstandar at regjeringa driv med faktafeil når dei skal kommentere nedlegginga av tilbod ved Nordfjord sjukehus.

Feil om folkesetnad

Førre veke veke sa statssekretær Tord Dale i Helse og omsorgsdepartementet følgjande om kvifor dei vil oppretthalde fødeavdelinga i Narvik i Nordland, samstundes som dei vil legge ned fødeavdelinga i Nordfjord:

No er Narvik ein by med ein litt anna storleik enn det Nordfjord og regionen der har.

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Tord Dale (Ap)

NRK har bedt Helse Nord om å legge fram tal om befolkningsgrunnlaget til sjukehuset i Narvik. Svaret er 26400 innbyggarar, uansett korleis ein reknar er dette svært nær pasientgrunnlaget til Nordfjord sjukehus.

Dale tek ikkje sjølvkritikk

- Eg vart spurt om Narvik heilt konkret. Då viste eg til at det geografiske omlandet i Narvik er noko annleis enn det er i Nordfjord. Sjølv om ein skulle slå saman fødeavdelingane i Narvik og Harstad så er det slik at fleire vil ha ein større reiseavstand til fødeavdelinga i Harstad.

Frå ytterpunkta i ein svært tynt befolka region, vil enkelte kunne ha opp mot tre timar til Harstad sjukehus om fødeavdelinga i Narvik vart lagt ned. Frå ytterpunkta i Nordfjord snakkar ein også om minst to og ein halv time til Volda. Også talet fødslar ved sjukehuset i Narvik ligg på omlag det same som i Nordfjord.

- Ein kan ikkje fatte så viktige avgjerder på eit faktagrunnlag som alle ser er berre tull, seier Alfred Bjørlo.