NRK Meny
Normal

Kommunen heldt informasjonsmøte - fleire kan få flytte heim i kveld

Fleire av dei evakuerte etter storbrannen i Lærdal kan få flytte heim att måndag kveld. Det opplyste kommunen og politiet på eit informasjonsmøte i ettermiddag.

Informasjonmøte for innbyggjarane etter storbrannen

INFOMØTE: Innbyggjarar og presse hadde møtt opp til informasjonsmøte der kommunen, e-verket og politiet informerte om stoda etter brannen.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Politiet og Lærdal kommune heldt måndag ettermiddag eit informasjonsmøte for innbyggjarar og andre berørte etter storbrannen.

Det er stort informasjonsbehov blant innbyggjarane. Mange er huslause etter å ha mista husa sine i brann, medan andre ikkje får flytte heim til sine hus av omsyn til tryggleiken, og i tillegg røyk- og vasskadar.

Mange veit ikkje eingong korleis det har gått med heimane sine.

– I ein slik situasjon er det mange spørsmål og mykje informasjon. Vi vil ikkje ha misforståingar, og alle skal få den same informasjonen samtidig, seier Ole Helge Brugrand som er informasjonsleiar i Lærdal kommune til NRK.no.

Han seier det viktigaste for kommunen er få fram for innbyggjarane at Lærdal kommune og kriseteamet er der for sine innbyggjarar. Kommunen har mellom anna kome langt i arbeidet med å finne bustader til dei som har mista husa sine.

Har kome i kontakt med dei aller fleste

Rådmann Alf Olsen i Lærdal opplyser at dei har vore i kontakt med alle dei berørte av brannen med tilbod om hjelp til husrom. Utanom fem.

Kommunen har høyrt via omvegar at dei skal ha fått tak over hovudet dei også.

– Om det er nokon av dei fem her i dag ber vi dei om å ta kontakt med oss frå kommunen etter fellesmøtet, seier rådmann Alf Olsen.

Rådmannen seier dei har fått 65 tilbod om husvære til dei som er råka av brannen, og seier dei no er i ein situasjon der tilbodet er større enn etterspurnaden.

Fleire får flytte heim

Politiet opplyser at ein del av dei evakuerte kan få flytte heim i løpet av måndag kveld.

Innsatsleiar Magne Knutsen i politiet opplyser at ein kvar arnestad blir rekna som ein åstad av politiet.

– Dette er område vi har sikra og vil undersøke, seier han.

Kripos starta måndag ettermiddag sine undersøkingar i brannruinane.

- Når Kripos er ferdig med sine undersøkingar vil vi frigi områder fortløpande, seier Knutsen.

Brannsjef Gaute Johnsgaard oppmodar folk til å vurdere tilstanden på husa sine saman med representantar frå forsikringsselskapa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dei mørke områda skal politiet undersøke

ÅSTAD: Innsatsleiar Magne Knutsen i politiet opplyser at ein kvar arnestad blir rekna som ein åstad av politiet. – Dette er område vi har sikra og vil undersøke, seier han. Dei mørke områda på kartet er område som politiet vil undersøke nærare.

Får informasjon frå forsikringsselskapa

Det er også til stades representantar frå forsikringsselskapa IF, Tryg og Gjensidige.

– Vi er her for å gjere alt vi kan for å hjelpe dei som er råka av brannen, seier Ole Irgens i Tryg Forsikring til NRK.no.

Ifølgje rådmann Alf Olsen opplyser Telenor no i ettermiddag at mobildekninga er tilbake i sentrum. Det blir jobba med å få på plass ein ekstra mobil basestasjon, og når den er på plass vil kapasiteten i nettet vere betra.

– Telenor vil også tele ut mobile breibandløysingar, opplyser Olsen på møtet.

Vil spesielt følgje opp barna

Det psykososiale teamet i kommunen har vore i kontakt med dei som har blitt hardast råka, opplyser Margunn Thue i Lærdal kommune.

– Dei som er hardast råka har først og fremst fått hjelp til praktiske ting. I oppfølgingsarbeidet vil vi særleg ha fokus på barn som er råka og traumatiserte, seier ho og seier dei mellom anna har fått tilbod om hjelp frå Senter for Krisepsykologi.

– Det er viktig å prøve å få kvardagslivet til å fungere fortast mogleg, seier rådmann Olsen.

Barnehage og skule vil vere ope som vanleg frå tysdag av. Foreldre blir bedne om å unngå at barna får sjå for mange bilete frå den dramatiske hendinga.

Nesten alle har straum

Lærdal Energi får hjelp frå åtte energiselskap i området med aggregat og personell. Alt tilgjengeleg mannskap har natt til måndag arbeidd med innkopling og innfasing av naudstraumsaggregat.

Dagleg leiar Per Gullaksen i Lærdal Energi seier dei aller fleste i Lærdal no har fått tilbake straumen.

– Per no har 95 prosent av våre abonnentar i Lærdal er inne på alternativ straumforsyning, dei aller fleste får no straum via aggregat, seier han til NRK.no like etter informasjonsmøtet.

Han seier dei per no har ganske god kontroll på situasjonen. Oppmodinga om at folk i kommunen sparar på straumen står framleis ved lag.

– Så lenge vi køyrer med aggregatdrift oppmodar vi om at alle reduserer straumforbruket sitt. Fyr med ved om de har sjanse til det, seier han.

Brann ned til grunnen

Til alt hell gjekk ingen liv tapte i den enorme brannen på Lærdalsøyri natt til søndag. Om lag 140 personar har blitt sjekka av lege, og mange av desse har fått behandling for røykskadar.

Til saman 23 bygningar er meir eller mindre totalskadde etter brannen, av desse er 16 sagt å vere bustadhus.

Kripos på plass i Lærdal

KRIPOS PÅ PLASS: Kripos sine etterforskarar kunne måndag ettermiddag endeleg ta seg inn i brannruinane.

Foto: Marius Arnesen / NRK