Hopp til innhold

Fleire butikkar og bønder kan vente seg tilsyn

Talet på tilsyn med matvarebutikkar, bønder og andre skal gå opp med 25 prosent som følgje av omorganisering av Mattilsynet.

Mattilsynet -logo

OMLEGGING: Tre regionar blir kutta, og kontrollaktiviteten skal aukast med 25 prosent. Det er nokre av endringane som Mattilsynet gjennomfører frå 1. februar.

Foto: Espen Sandmo

– Målet er at det skal bli eit betre Mattilsyn, med fleire inspektørar, fortel distriktssjef for Sunnfjord og Ytre Sogn, Rune Myklatun.

Det er regjeringa som har bestemt at tilsynet skal omorganiserast. Talet på regionar blir kutta frå åtte til fem, og Sogn og Fjordane, som i dag er i same region som Hordaland, får framover også følgje av Aust- og Vest-Agder og Rogaland. Ein del av dei minste distriktskontora blir også slått saman.

Avviser oppseiingar

– Det får ikkje konsekvensar for dei tilsette, og det er ingen som misser jobben. Sunnfjord og Ytre Sogn blir slått saman med Indre Sogn, slik at ein leiar mister leiarjobben og går over i ny stilling, seier Myklatu.

Han er dermed er ein av dei to som enten får større ansvar eller må gå over i ei anna stilling frå 1. februar.

Rune Myklatun

ENDRINGAR: Målet med omlegginga er å gjere fleire kontrollar, fortel dagens distriktssjef i Sunnfjord og Ytre Sogn, Rune Myklatun.

Foto: Marion Solheim / NRK

Kontoret i Nordfjord held fram som før. Mattilsynet gjennomfører inspeksjonar og kontrollerer at vi får trygg mat og drikkevatn, og at forholda for dyr er forsvarlege. Dei har også oppgåver innan kosmetikk og legemiddel, og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Skal sørge for lik behandling

I tillegg til at talet på tilsyn skal auke i tida framover, er omorganiseringa også meint å gjere klagehandsaming meir lik. Dersom nokon klagar på eit vedtak i dag, så var dei ulike regionkontora klageinstans. No blir dette sentralisert, slik at eit kontor tek seg av alle klager,

– Det har vore litt for store skilnadar internt i tilsynet før, no blir det standardisert og meir einskapleg, seier Myklatun.

Han seier det er mykje å gripe fatt i for tilsynet framover.

– Poenget er at samfunnet skal få meir ut av pengane som blir lagt ned.