Budsjettlekkasjar: Endå meir til fylkesvegane, Sogndal kommune og Opera Nordfjord

Både fylkesvegane, Sogndal kommune og Opera Nordfjord får ekstra tilskot når forslaget til statsbudsjett vert lagt fram klokka 10 i dag.

Rolf Olav Tenden og Kari Standal Pavelich og Jarle Aarvoll

KAN JUBLE: Leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane, Rolf Olav Tenden, operasjef Kari Standal Pavelich og Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll.

Foto: Montasje / NRK

NRK har allereie fortalt at fylkesvegane får 65 millionar kroner ekstra i forslaget. Pengane som kjem årleg fram til 2019, dersom budsjettforslaget slik det no ligg føre får fleirtal i Stortinget, skal gå til tunneltryggingstiltak.

I tillegg til dette kan fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, røpe at fylkesvegane får 14, 5 millionar ekstra.

– Vi har hatt fleire saker knytt til fylkesvegane, både ekstramidlar til vedlikehald i tunnelar og rentekompensasjonsordninga. I tillegg aukar regjeringa fylkesvegbudsjettet med 200 millionar. Sogn og Fjordane får 14,5 millionar overført i frie inntekter til fylkesvegar, seier Djuvik.

Vekstkommunen Sogndal får meir

Innbyggjarane i Sogndal kan gle seg over ekstraløyvingar i statsbudsjettet. I såkalla vekstkommunetilskot får kommunen tilført 2,1 millionar kroner.

– Det er opp til lokalpolitikarane å prioritere kva tiltak dei ønskjer å bruke pengane på, for å styrke velferdstilbodet til innbyggjarane, seier Djuvik.

I kommuneproposisjonen som vart vedteke av Stortinget i juni, er det lagt opp til at fleire kommunar skal ta del i vekstkommuneprogrammet. Kriteriet for at tilskotet skal løysast ut, er at ein må ha ein årleg folkevekst på 1,6 prosent årleg dei siste tre åra. Sogndal er den einaste kommunen i fylket som får det.

Frank Willy Djuvik

FLEIRE LEKKASJAR: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, kan røpe at fylkesvegane får endå meir pengar, at Sogndal kommune får pengar mot veksesmerter og at Opera Nordfjord får meir enn før.

Foto: Torje Bjellaas

– Grunnen er at ein så betydeleg vekst i ein kommune gir ekstra utfordringar når det gjeld å ta i vare og bygge opp velferdstilbodet. Det tek regjeringa omsyn til, seier Djuvik.

Meir til Opera Nordfjord

Regjeringa meiner Opera Nordfjord gjer ein så viktig jobb at dei ynskjer å løyve meir pengar til arbeidet. I statsbudsjettet som blir lagt fram i dag, kjem det fram at operahuset på Nordfjordeid får auka sine løyvingar med 800 000 kroner.

Det var Fjordabladet som først fortalde at operaen får meir pengar. Dermed får operaen ei samla løyving på 4,5 millionar kroner.

– Vi gjer det for å sette pris på innsatsen dei har gjort for å leggje til rette for scenekunst og profesjonell scenekunst utanfor dei store byane. Det har dei lukkast svært godt med på Opera Nordfjord, seier Frank Willy Djuvik til NRK.

– I ein del andre kulturpottar er det gjerne slik at auka statlege løyvingar gjer at fylkespolitikarane også må auke sine løyvingar: skjer det her?

– Fylkeskommunen slepp å auke sine tilskot. Vi har vore veldig tydelege ovanfor regjeringa på den pressa situasjonen til fylkeskommunen: Dersom staten ønsker å gje meir til kulturinstitusjonar i Sogn og Fjordane må ein frikople det frå fylkeskommunen sitt bidrag. Kulturministeren har stadfesta at pengane kjem uavhengig fylkeskommunen sitt bidrag, seier Djuvik.

– Kunne nesten ikkje tru det var sant

Ingebjørg Erikstad

INGEBJØRG ERIKSTAD: Gratulerer Opera Nordfjord.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fylkesdirektøren for kultur, Ingebjørg Erikstad, er svært glad for løyvinga.

– Eg har lyst å gratulere Opera Nordfjord med dette. Det fortener dei. Dersom det stemmer at løyvinga kjem uavhengig av løyvingane frå fylkeskommunen er det gledeleg, seier Erikstad.

Erikstad er no spent på om endringa er permanent, og om ordninga der fylkeskommunen ikkje treng å matche auka løyvingar frå staten også gjeld andre kulturinstitusjonar.

Operasjef Kari Standal Pavelich seier ho sov som ein stein i natt.

– Eg var så utruleg glad og takksam. Eg kunne nesten ikkje tru det var sant, for eg hadde ikkje rekna med det i det heile tatt.

Ho seier dei har mange planar dei ikkje har sett i verk endå.

– Det har vore eit sterkt ønske om ei famlieførestilling på årleg basis. No kan det hende at det vert mogleg, seier Pavelich.