NRK Meny
Normal

Fleire brukar personleg trenar for å halde seg i form

Ønskje om ein mindre mage, ny rekord på Birken eller rett og slett ein sunnare kropp gjer at bruken av personleg trenar har auka drastisk.

Eirik Flatjord

GIR ALT: Eirik Flatjord hjelper Martin Skagen å løfte tungt.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg trudde aldri det ville ta av så mykje som det har gjort, seier Eirik Flatjord som er personleg trenar på Puls Førde.

Han vart personleg trenar (PT) for vel to år sidan og jobbar no heiltid som personleg trenar. Han merker at det har vore ei dramatisk auke i bruk av PT og spesielt ei stor auke det siste året.

– Eg har gått frå ein 20 prosent stilling til 100 prosent stilling, så eg ser at det vert stadig meir populært.

Eirik Flatjord

PERSONLEG TRENAR: Eirik Flatjord arbeidde først i 20 prosent stilling som personleg trenar, men med stor etterspurnad kan han no jobbe som det på fulltid.

Foto: Tale Hauso / NRK

Akeptert å ha personleg trenar

Han meiner ein grunn til den store auken er at det er meir akseptert å ha ein personleg trenar no.

– Det er ingen som er redd for å seie at dei har ein personleg trenar i dag, medan det var flaut å seie det før.

– Kva har skjedd?

– Det har blitt meir fokus i media på personleg trening og det har blitt meir vanleg.

Det at fleire i dag har stillesitjande jobbar trur Flatjord er med på å gjere at folk vel å bruke personleg trenar. I tillegg har fleire dårleg tid og vil då få mest mogleg igjen for den tida dei legg inn i treninga. Medan andre gjer det for å trene mest mogleg riktig og effektivt.

Flest kvinner, men også mange menn

Flatjord har alle slags folk som kundar. Alt frå dei som skal sykle sykkelløp, springe motbakkeløp eller som vil ha ein livsstilsendring. Anten å gå ned nokon kilo eller rett og slett berre lære meir om trening og kosthald.

Men den typiske PT kunden er kvinner i rundt 40 årsalderen.

– Det er dei det er flest av, men eg har både yngre og eldre, i tillegg til menn i alle aldersgrupper.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Flatjord med kunde

GJEV INSTRUKSAR: Ein personleg trenar kan retttleie slik at treninga blir mest mogleg effektiv og øvingane gjort på rett måte.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kostar å trene, likevel mange som nyttar seg av tilbodet

Sjølv om Flatjord anbefaler å bruke ein personleg trenar, så anbefaler han også kundane sine om å supplere styrketreninga med uteaktivitetar.

– Alle uteaktivitetar er kjempe bra, så ein må fortsetje å bruke naturen. Det er også viktig å supplera med styrketrening, og det er viktigare di eldre ein vert.

Skal ein investere i ein personleg trenar, så må ein betale for det. Flatjord tek 450 kr for ein time. Likevel er det mange som nyttar seg av tilbodet.

– På Puls Førde har eg 30 stykk som eg følgjer opp kvar veke, i tillegg til nokon eg følger opp månadleg. Så det er nok å gjere, seier han.

Eirik Flatjord

FLEST KVINNER: Den typriske kunden e ei kvinne i 40 åra, men folk i alle aldrar nyttar seg av personeleg trenar, seier Flatjord.

Foto: Tale Hauso / NRK

Alle vil trene - lokale treningssenter tek opp kampen

Og at trening er ein populær aktivitet syner også medlemsauken hjå treningssenteret Spenst i Førde. Frå 1. mars 2011 og til i dag har treningssenteret fått 500 fleire medlemmar, og 1742 personar prøver no å kome i betre form ved å trene der.

Samstundes somprofesjonaliserte treningssenter merkar auka pågang dukkar det også opp lokale og dugnadsdrivne treningssenter rundt om i fylket. Eit av dei er Jølster Treningssenter SA på Vassenden. Der har 140 personar i bygda kjøpt seg inn i i treningssenteret som er starta opp og drifta på dugnad.

Starta treningssenter i lokal regi på Vassenden.

TRE KOMPISAR FEKK IDEEN: Roger Midttun, Evald Sandvik og Kim Ronny Lykkebø, står bak det lokale treningssenteret på Vassenden som berre på få veker har blitt eit særs populært tilbod.

Foto: Silje Guddal

– Vi opna 26. oktober og har allereie gjort det betre enn forventa. Vi håpar på 120 selde årsabbonement i vinter, men er allereie oppe i 190, seier Roger Midttun. Det var han som saman med to kompisar planta ideen om treningssenteret i Lefi Bakst sine gamle lokale.

Ved hjelp av støtte frå privatpersonar i bygda og lokalt næringsliv har dei investert over 640 000 kroner i treningssenteret, som har 15 spinningsyklar, og mange apparat for variert trening. Alt, både vask, treningsinstruksjon og alt anna som må gjerast, skjer på dugnad.

Sytalaus trening for folk i tidsklemma

Dei tre kompisane trur dei trefte både med planane og tidspunkt for opning.

– Det er mange som er opptekne av trening, og helse er viktig for folk. No er det rett før jul og, då er det gjerne rette tida for trening, seier dei.

Også i Høyanger og Fjaler er det starta eller planar om å starte treningssenter i lokal regi.

Godt utstyrt treningssenter

NYTT OG ALLSIDIG UTSTYR: Lokalbefolkinga på Vassenden har lete seg lokke til treningsstudioet, som har det meste av profesjonelt treningsutstyr lett tilgjengeleg.

Foto: Silje Guddal

På spørsmål om kvifor ein treng eit lokalt treningssenter når det finst større senter i Førde berre 20 minutt unna, er svaret klart.

– Det er sytalaust. Tidsklemma er eit problem, og når tida er knapp er det mykje enklare å berre stikke innom her for å trene, seier Midttun.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.