Hopp til innhold

Fleire bør satse på å dyrke juletre

Norske bønder bør satse meir på dyrking av juletre. Det meiner både landbruksministeren og fylkesskogmeisteren i Sogn og Fjordane.

Juletrehogst

FLEIRE BØR SATSE: Juletredyrking kan bli ei god attåtnæring for mange bønder.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kvart år vert det selt over 1,5 millionar juletre i Norge, men rundt 300.000 av dei er importerte frå utlandet, skriv Nationen .

Fylkeskogsmeister Merete Larsmon meiner juletredyrking kan vere ei god ekstrainntekt for bønder. Ho seier det er gode forhold for det i Sogn og Fjordane.

– Vi har eit bra klima, og langs med kysten har vi eit klima som gjer at vi kan dyrke juletresortar som dei ikkje kan dyrke i innlandet, så det bør vi ta som ein marknadsfordel.

Merete Larsmon

- GODT KLIMA FOR JULETRE: Fylkesskogmeister Merete Larsmon.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tilskot frå nyttår

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum har sagt at Norge bør vere sjølvforsynt med juletre, og det er Merete Larsmon samd i.

– Det er fullt mogeleg, og det er faktisk på gang. I Rogaland har dei etablert eit veldig godt juletredyrkarmiljø som eksporterer til utlandet, så der bør andre henge seg på.

I Sogn og Fjordane har Innovasjon Norge og Fylkesmannen gått gjennom juletrenæringa og laga ein strategi for framtida. Frå nyttår blir det tilskot til juletredyrking for dei som vil satse seriøst, fortel Merete Larsmon.

– Eg ser i jobben min at det er mange flinke bønder som kunne ha hatt dette som attåtnæring.