NRK Meny
Normal

Fleire bilar involverte i trafikkulukke

Fire bilar har støytt saman på riksveg 5 ved Krokane i Florø.

Trafikkulukke i Florø

ULUKKE: Både naudetatar og bilbergar har kome fram til staden.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ulukka skjedde klokka 16:20. Eit kvarter seinare melde politiet at naudetatane var på staden.

Tre av bilane har fått materielle skader i ulik grad, men ingen personar skal ha blitt skada.

Det var mogleg for bilar å passere ulukkesstaden, men trafikken vart ei stund dirigert manuelt.

No klokka 17:39 melder politiet på Twitter at vegen er rydda og at trafikken går som normalt.

Kraftig samanstøyt

KRAFTIG SAMANSTØYT: Fleire av bilane har fått store skader etter ulukka.

Foto: Truls Kleiven / NRK
Laster kart, vennligst vent...

KOLLISJON: Trafikkulukke på riksveg 5 ved Krokane i Florø.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser