Hopp til innhold

Fleire bier skal gi meir frukt og bær

Honningbier i norske hagar skal no hjelpe fruktbønder til å auke produksjonen. – Ein vinn-vinn-situasjon for alle, seier birøktar Marco Neven.

Birøkter Marco Neven i Lærdal

BIEPRODUKT: Biene produserer avkom og honning av pollen og nektar- i tillegg til at dei gjer frukt- og bæravlingane prosentvis større. PolliVest ynskjer å legge til rette for større samarbeid mellom birøktar og bonde.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

Honningcentralen vil ha meir norsk honning, Bama vil ha meir frukt.

Saman med Norges Birøktarlag, Gartnerhallen og Norgesgruppen har dei tatt initiativ til PolliVest. Pilotprosjektet skal auke samarbeidet mellom birøktarar og fruktbønder i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Pollinering er overføring av pollenkorn mellom blomane for at det skal kunne føregå ei befruktning. Gjennom auka bruk av bier til pollinering, håpar dei på meir honning og større avlingar på frukt og bær.

Bia og blomen

Bikubeinngang

INNGANGSDØRA: Etter ti sekund har om lag 20–30 bier samla seg utanfor bikuben. Alle desse har vore på kring 100 blomar kvar, før dei returnerer til kuben. Slikt vert det mykje god pollinering av.

Foto: Åsta Urdal

I ein morellhage i jordbrukskommunen Lærdal står nestleiar i Norges Birøktarlag, Marco Neven, bøygd over ein summande bikube.

– 1, 2, 3..., alt no, etter 10 sekund er det 20–30 bier her. Kvar bie har vore på kring 100 blomster. Det vil igjen seie at dei til saman har pollinert 2500 blomster på runden si. Så kan vi begynne å rekne på kor mykje det blir i løpet av eit døgn.

Birøkter Marco Neven i Lærdal

UTLEIGE: Birøktar Marco Neven, nestleiar i Norges birøktarlag og talsmann for birøktarane i Sogn og Fjordane, leiger ut bikubar til frukt- og bærbøndene i heile Lærdal. No jobbar han for at fleire skal gjere som han.

Foto: Åsta Urdal / Nrk

Neven har leigd ut kubane sine til frukt- og bærbøndene i dalen i ei årrekke. Ei ordning både han, bøndene og ikkje minst biene er nøgde med.

Når bløminga i til dømes morellhagen er over, vert bikubane frakta vidare til neste matfat; bringebæråkeren. Der forsyner dei seg av pollen og nektar som gir næring til bie-samfunnet, samstundes som dei pollinerer ei avling bær.

Pollinering

POLLINERING: Også ville bier, som til dømes humler, pollinerer, men til skilnad frå bia tek humla berre ein halv runddans på jordbærblomen. God pollinering sørger mellom anna for at bæra får flott fasong.

Foto: Åsta Urdal / nrk

God investering

Nina Heiberg

TILRETTELEGGING: Forskningssjef i Gartnerhallen, Nina Heiberg, er prosjektleiar for PolliVest og jobbar for at det skal vere enkelt for bøndene å leige bier. Dermed jobbar ho også for å lære opp, og legge til rette for fleire næringsretta birøktarar.

Foto: privat

– At han leiger ut bier er viktig for oss fruktbønder. Dei tusenlappane me brukar på dette i sesongen er ei veldig god investering for oss, seier leiar for Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal.

Nina Heiberg, forskingssjef i Gartnerhallen og prosjektleiar i PolliVest, er samd.

– Tal frå Hardanger Fjordfrukt syner at fruktbøndene som leier bikubar prosentvis får mykje større avling enn dei som ikkje gjer det.

– Gjennom prosjektet kartlegg vi kvar det trengst fleire bier, vi informerer om nytta, og vi legg til rette for å få fleire til å starte med næringsretta birøkt til pollinering og honningproduksjon, fortel Heiberg.

På grunn av faren for sjukdomssmitte mellom biene er det viktig å ha birøktarar heimehøyrande i alle distrikta, slik at ein slepp flytting mellom regionane grunna leige.

God bieverknad

I Sogn og Fjordane er det kring 600 bikubar, medan det er bruk for 3000 til pollinering. Difor ønskjer Heiberg fleire fulltidsbirøktarar. Entusiastiske Neven som sjølv er birøktar i 50%, bidreg i PolliVest med å kurse nye birøktarar saman med Sogn Jord- og Hagebruksskule. Han har stor tru på framtida.

– Min spådom er at om ti år er birøkt til pollinering like naturleg som å bruke kunstgjødsel og vatning i dag. Slik er det alt i andre land, som til dømes USA.

BIRØKTAREN OG BONDEN

BIRØKTAR OG BÆRBONDE: Samarbeidet gjer dei sterkare. Birøktar Neven får leigeinntekter og jordbærbonde Ole Bjørn Grøthe får betre avling. Det vil PolliVest sjå meir av.

Foto: Åsta Urdal / nRK