Hopp til innhold

Fleire besøker musea i fylket

Musea i Sogn og Fjordane har hatt 20 prosent fleire på besøk til no i år enn på same tid i fjor.

Kollage musea i Sogn og Fjordane

FLEIRE BESØKANDE: Over 50.000 har besøkt musea i Sogn og Fjordane frå januar til august i år. F.v. Svor museum, Kvernsteinsparken, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sunnfjord museum og Dei Heibergske samlingar.

Foto: NRK

Talet besøkande frå januar til august i år er på 53.753 personar. På tilsvarande tidspunkt i fjor var talet 42.085 besøkande.

Besøkstala ved musea i fylket har hatt ein nedadgåande kurve dei siste åra, men no kan det sjå ut til at trenden er snudd.

– Vi har berre ein liten auke, men det er blitt jobba veldig aktivt med lokal marknadsføring av tilboda ved musea, seier Torunn Skarstad som er marknadskonsulent for musea i Sogn og Fjordane.

Fylkets største museumsavdeling, Sogn og Fjordane kunstmuseum, har hatt ei auke på over 12.000 besøkande. I tillegg til fleire gjester, er bakgrunnen for den store auken også at avdelinga har teke over drifta av Norsk Villakssenter i Lærdal og drifta av Lærdal turistkontor.

Kvernsteinssenteret dobla besøket

Norsk kvernsteinssenter i Hyllestad kommune har hatt den største prosentvise veksten. Senteret har dobla besøkstalet, og har gått frå 944 besøkande til 2024 besøkande.

Avdelingsdirektør Franziska Rüttimann trur at det er aktivitetar for dei besøkande som har trekt mange til Hyllestad.

– Vi har arrangert ting for publikum. Vi har baka brød, vi har laga klebersteinssmykke og ting som folk får ta med heim, seier ho.

– Vår filosofi er at du lærar best når du gjer noko sjølv med dine eigne hender, seier ho og fortel at dei prøvar å ta folk som besøker senteret tilbake i tid.

Ved senteret har dei denne sommaren også talt dei besøkande meir nøyaktig enn før, seier Rüttimann.

Kvernsteinparken i Hyllestad

DOBLA BESØKET: Kvernsteinparken i Hyllestad vart frå 2013 ein del av musea i Sogn og Fjordane. Her har dei dobla talet besøkande frå i fjor til i år.

Foto: Ottar Starheim, NRK / NRK

Rom for betring

Marknadskonsulenten for musea i fylket, Torunn Skarstad, meiner at musea har eit stort potensial, som dei må jobbe for å få utnytta betre.

Difor har musea i sommar halde ei spørjeundersøking for å finne ut kva publikum vil ha.

– I desse dagar ser vi om det er tiltak vi kan setje i gang på bakgrunn av undersøkinga, seier ho.

Stillinga hennar som marknadskonsulent er nyoppretta, og Skarstad seier ho har mykje jobb føre seg.

– Eg skal mellom anna jobbe meir med ei felles marknadsføring av musea i Sogn og Fjordane.