Den sikta sunnfjordingen sat i avhøyr utover fredag kveld. Men politiet vil ikkje seie noko om kva som har kome fram. Laurdag vart vener og nær omgangskrins avhøyrde av politiet i Førde. Politiet vil halde fram avhøyr av den sikta på måndag.
Flytta til Ålesund
Den 41 år gamle mannen som er sikta vart natt til laurdag overflytta til fengselet i Ålesund der han skal sitje i varetekt.
Sjekkar mot Espås-drapet
DNA-prøvene frå den sikta 41-åringen kjem til å bli sjekka opp mot ei åtte år gammal drapssak i Geiranger. I 1996 vart Trude Espås funnen drepen i turistbygda, men framleis står politiet utan ein gjerningsmann. Jens-Arne Hessegjerde, lensmann i Stranda og Norddal, seier at han kjem til å ta kontakt med politiet i Førde i løpet av kort tid.