Hopp til innhold

Fleire ber NAV om pengar til jul

Dei siste åra har fleire NAV-kontor opplevd eit auka press frå foreldre som treng pengar til julemat og presangar.

Magne Kjetil Berg

MANGE SØKER HJELP: Det blir fylt ut mange slike skjema før jul. NAV-leiar i Førde, Magne Kjetil Berg ser at fleire treng pengar til jul.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Kvart år like før jul, får NAV-kontoret i Førde ekstra mange førespurnader. Fleire søkjer om sosialhjelp for å kunne ha pengar til å feire jul. For mange er det å fylle ut side etter side med søknadar nøkkelen til ei julefeiring med presangar og julemat.

NAV-leiar i Førde, Magne Kjetil Berg har sett auka av søknadar dei siste åra.

– Både einslege og familiar kjem med søknadar, ofte dei som har lita inntekt som er arbeidsledige eller har vore utanfor arbeidslivet lenge, seier Berg.

Mal som viser kva ein får

Julegåve

KVA ER I PAKKEN?: Jula kan skape eit kjøpepress for mange. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

NAV-kontoret på Eid har etter fleire år med erfaring laga ein mal på kor mykje pengar dei gir ut til enkelte.

  • Pengar til juletre og pynt mellom 400–600 kroner
  • Pengar til mat 900 til 1200 kroner.
  • Ei gåve til eit born er prisa til om lag 450 kroner
  • Gåve til eit onkel eller tantebarn ligg på mellom 100 til 150 kroner.

Fram til no har kontoret på Eid fått inn rundt 15 søknadar, men NAV-leiar i Eid, Bodil Førde ventar mange fleire før jul.

–Det kjem stadig inn fleire, vanlegvis brukar vi å få inn søknadar fram til 20. desember. Vi har sette av ekstra tid til å få behandla alle søknadane i god tid før jul.

Gjeldsslavar

Mange av oss har høg gjeld i forhold til inntekta. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 14 prosent av alle hushaldningane i Noreg i 2009 hadde ei gjeld som var minst tre gonger større enn samla inntekt. Det var dobbelt så høgt som i år 2000. Dermed aukar også forskjellane, og det sosiale presset, seier Berg.

–Elles på året skapar feriar, utstyr, klede og ikkje minst gåver press blant folk. Dette gjer at mange får større utgifter enn inntekter. Jula blir enda ei slik tid på året der dette presset blir forsterka.

Mange vel å bruke kredittkort og tar opp forbrukslån som gir kjappe pengar til jul. Dette kombinert med ei låg inntekt kan gi store økonomiske problem når jula er over og nyåret har starta.

–Dette er utvikling vi ser, at mange kredittselskap framleis tilbyr slike lån som mange forbrukarar ikkje klarer å handtere. Gjeldsrådgjevaren vår prøver å hjelpe slik at folk har litt å leve av resten av vinteren også, avsluttar Magne Kjetil Berg.