Hopp til innhold

Fleire foreldre går rettens veg for å behalde omsorga for barna sine

Eit stort tal saker der barnevernet meiner foreldra ikkje er skikka til å ta hand om ungane sine hamnar no for retten. Berre ved Fjordane tingrett har talet på slike saker dobla seg.

Barn

OMSORG: Stadig oftare hamnar saker som handlar om kor vidt foreldre er skikka til å ha omsorg for barna sine i rettssystemet.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det har vore ei veldig auke i talet på barnevernssaker i Sogn og Fjordane dei seinare åra. Stadig fleire slike saker hamnar no også i rettssystemet fordi barnevernet meiner barna ikkje har det godt nok.

Barnevernsleiar i Eid kommune, Lisbeth Fanøy Nord, seier halvparten av sakene deira hamnar i retten. Det er ei utvikling ho er djupt uroa for.

– Vi har hatt ein ganske svær auke dei siste fem til ti åra. Det har vore ei jamn utvikling på alvorlege saker, og det er ingen god trend, seier ho og fortel at utviklinga er lik i heile fylket.

Mange barn som treng hjelp

Berre i Nordfjord-kommunen Eid har kommunen omsorgsansvaret for 20 barn. Mange av sakene er alvorlege, fortel barnevernsleiaren.

– Nokre av barna og ungdomane har alvorlege symptom som vi må jobbe med og som dei treng behandling for, seier Fanøy Nord.

NRK fortalde i går at retten må behandle stadig fleire saker der foreldre som skil lag ikkje blir samde om samværet med barna.

– Sakene er ulike. Mange av sakene er veldig krevjande, og dei klarar vi ikkje å finne løysingar på, seier sorenskrivar ved Fjordane tingrett, Terje Mowatt.

Dobling i tal saker på få år

I løpet av dei siste tre åra har sorenskrivaren også opplevd ei dobling i talet på barnevernssaker som kjem på hans bord.

Dette er saker som først har vore oppe i fylkesnemnda for sosiale saker, men så har ein av partane klaga på vedtaket som blir fatta.

– Vi registrerer at vi har hatt ein betydeleg auke dei siste åra. Ifølgje statistikkane hadde vi under ti saker i året i 2008 og 2009, medan vi i 2010 var oppe i godt og vel 20 saker, seier Mowatt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Mowatt

BARNEKRANGLAR: Sorenskrivar Terje Mowatt ved Fjordane tingrett får stadig fleire barnefordelingssaker på bordet sitt. Det same gjeld saker der barnevernet meiner barna ikkje får god nok omsorg.

Foto: NRK

– Mykje rus

Talet for 2011 var litt lågare, medan pila i år peiker oppover igjen. Mowatt seier det også må vurdere fleire hastesaker enn dei gjorde tidlegare.

– Årsaka til at vi får sakene er i utgangspunktet at det er barn som har ein uforsvarleg omsorgssituasjon.

– Det har samanheng med forhold hos foreldra. Det kan vere personlegdomsproblematikk, psykisk sjukdom, og det kan vere mykje rus inne i biletet, forklarar Mowatt.

Advokatane får inn fleire barnevernssaker

I barnevernssaker er det barnevernet i kommunane som tek initiativ til ei sak. Først vert den prøvd for fylkesnemnda for sosiale saker. Dersom nemnda fattar vedtak om at andre enn foreldra skal ha omsorg for barna, kan foreldra ta saka til retten.

Advokat Louis Anda registrerer også at talet på barnevernssaker har auka, både i fylkesnemnda og i tingretten. Han seier berre han har hatt mellom 60 og 70 slike saker.

– Det er berre frå fylkesnemnda. I tillegg kjem alle sakene som ikkje har enda opp i nemnda, men der ein har kome fram til tilfredsstillande løysingar ved at foreldra framleis har omsorga, seier Anda som seier at eit ganske stort tal saker som hamnar i retten.

NRK har også snakka med fleire andre advokatar som stadfestar at dei oftare enn før får inn barnevernssaker.

– Krevjande saker

I saker der ein skal avgjere kven som skal ha omsorg for barnet blir det som regel brukt sakkunnige som er utdanna psykologar. Dei snakkar med barna og vurderer familiesituasjonen

Lisbeth Fanøy Nord, som er barnevernsleiar i Eid, kommune seier sakene er svært krevjande og at dei kostar samfunnet mykje.

– Overvekta av dei sakene vi har hatt i fylkesnemnda er blitt anka til tingretten.

– Enorme utfordringar

– Kva trur du er årsaka til auken i talet på slike saker?

– Det er mykje psykiatri, generell familieproblematikk, det kan vere åtferdsvanskar hos barnet, eller foreldre som ikkje klarar å dekke barna sitt behov på ein god måte.

Fanøy Nord seier det er ei samla uro blant barnevernsleiarane i fylket.

– Vi snakkar saman på tvers av kommunane og vi er ganske samde om at vi står overfor enorme utfordringar, seier ho.