Hopp til innhold

Politiet må etterforske mobbesak i Høyanger grundigare

Ein familie i Høyanger melde alvorleg mobbing over fleire år til politiet. Politiet la vekk saka, men Statsadvokaten har avgjort at politiet må etterforske grundigare.

Høyanger skule

MEIR ETTERFORSKING: Etter krav frå Statsadvokaten, gjennomfører politiet no grundigare etterforsking av mobbesaka frå Høyanger skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var i februar 2013 foreldra til ein ung gut melde Høyanger kommune til politiet. Sonen deira skal ha vorte utsett for grov mobbing gjennom store deler av barneskulen. Politiet meinte at skulen og kommunen ikkje hadde gjort noko straffbart, og valde å leggje vekk saka.

Gjennom sin advokat, anka familien politiet si avgjerd til Statsadvokaten. Familien meiner at kommunen har brote opplæringslova på ein slik måte at kommunen kan straffast.

Etter å ha gått gjennom saka, har Statsadvokaten kravd meir etterforsking.

– Vi gjekk gjennom saka, og fann at det er ein del spørsmål vi må ha svar på. Den vart sendt tilbake til Sogn og Fjordane politidistrikt med ordre om ytterlegare etterforsking, seier Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Nordheim frå Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane seier meir må gjerast. Ho gav mellom anna ordre om å gjennomføre ytterlegare avhøyr.

– Det er ei frykteleg alvorleg sak, det er det ikkje tvil om. Den må verkeleg takast på alvor. Det er difor vi meiner at vi må snu kvar stein, slik at vi kan få full oversikt over fakta i saka, seier ho.

– Så slik du ser det har kvar stein ikkje vorte snudd enno?

– Ja, riktig.

– Kjenner du til liknande saker, eller er denne unik i fylket?

– Den er unik som straffesak i vårt distrikt. Det har vore ei rekkje saker som går det sivile sporet, ved at kommunar vert tillagd erstatningsansvar. Det er nok den mest vanlege vegen å gå. Men det er også rom for å gje straffeansvar i slike saker, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ingvild Thorn Nordheim

SNU KVAR STEIN: Saka er så alvorleg at den må etterforskast meir, seier Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim.

Foto: Terje Reite / NRK

Politiet snart ferdige med ny etterforsking

Lensmann i Høyanger, Terje Løland, seier politiet fekk ordren frå Statsadvokaten i oktober.

– Vi tek pålegget frå Statsadvokaten til etterretning. Vi har gjennomført dei undersøkingane Statsadvokaten påla oss. Vi har også gjort ytterlegare undersøkingar i saka. Ho er så å seie ferdig etterforska frå Høyanger lensmannskontor, seier han.

Vidare vil saka verte overført til ein politijurist, for ei påtalemessig vurdering. Men eit krav må oppfyllast før Statsadvokaten kan avgjere mobbesaka.

– Før saka vert sendt må vi snakke med nokre av dei involverte. I praksis dreiar det seg om to avhøyr, seier lensmannen.