Fleire augevitne reagerer på forbikøyring: – Det var rein galskap

Fleire vitne fortel kva dei opplevde etter at NRK tidlegare i veka publiserte ein video av ei forbikøyring i Fjærland. Trygg Trafikk trur folk er stressa og køyrer forbi for einkvar pris.

LIVSFARLEG: – Forbikøyringa var rein galskap, seier Andreas Skrede som køyrde vogntoget i Fjærland førre fredag. Foto: Privat

Ei livsfarleg forbikøyring på rv.5 i Fjærland vart fanga på film førre fredag.

Andreas Skrede (33) frå Olden var førar av vogntoget som bilen fleire gonger forsøker å passere i videoen NRK publiserte. Skrede er sjokkert over hendinga han vart vitne til.

– Bilen låg over midtstripa med blinklyset på i fleire kilometer inne i Fjærlandstunnelen.

Skrede seier bilisten heile tida var på jakt etter ein sjanse til å køyre forbi, og la seg tilbake i riktig køyrefelt kvar gong det kom møtande bilar.

– Det som ikkje viser i videoen er at det rett attmed vegen kom kyr springande. Då bremsa eg kraftig. Bilen låg bak meg og måtte legge seg ut i møtande trafikkfelt fordi han låg så tett opp i hengaren min, seier 33-åringen.

Andreas Skrede

SJÅFØR: Andreas Skrede (33) køyrde vogntoget som vart forbikøyrd i videoen.

Foto: Privat

Ifølgje Skrede reagerte mange på køyringa til den raude bilen. Fleire sto på bremsa og måtte legge seg ut til sida for å unngå eit samanstøyt.

Til slutt kom bilen seg forbi Skrede, men bilisten hadde ikkje tilstrekkeleg med sikt.

– Forbikøyringa var rein galskap!

Oldaren fortel at han opplever uforsvarleg køyring kvar dag. Han meiner det ofte er folk i leigebilar som bryt trafikkreglane.

Ber kundane følgje norske trafikkreglar

I videoen frå Fjærland var det ein leigebil som føretok forbikøyringa. NRK har dessutan fått tilsendt ein video der ein leigebil passerer fire-fem bilar like før ein knapp sving på veg ned frå Utvikfjellet.

RISIKABELT: Ein NRK-tipsar filma forbikøyringar på veg ned frå Utvikfjellet onsdag i førre veke. Foto: Privat

Hallvard Nerbøvik i bilutleigefirmaet Hertz seier det er trist å registrere slik uansvarleg køyring. Nerbøvik meiner firmaet informerer kundane godt og oppfordrar dei til å køyre forsiktig og følgje trafikkreglane.

– Vi får dessverre ikkje gjort så mykje med dårlege haldningar i trafikken, men vi vil sjå nærmare på om vi kan gjere noko meir for å informere betre, skriv han i ein e-post til NRK.

– Uforsvarleg køyring

I møtande bil i Fjærland sat Stine Brandt (28) frå Drammen. Ho var på ferietur med sambuaren sin og var på veg til Loen denne fredagskvelden.

Stine Brandt

SKUMMEL SITUASJON: Stine Brandt (28) frå Drammen sat i ein av dei møtande bilane under forbikøyringa i Fjærland.

Foto: Privat

– Det var ei svært ubehageleg oppleving. Vogntoget skjulte den raude bilen i svingen, så den kom brått på, fortel ho.

Brandt og fleire andre bilistar fløyta då dei fekk auge på bilen. Då la bilen seg inn att.

– Det er ikkje sikkert vi kunne unngått å treffe bilen om den ikkje la seg tilbake i riktig køyrefelt.

– Eg synest det er frykteleg uforsvarleg køyring, legg ho til.

Denne hendinga var berre ei av fleire Brandt og sambuaren opplevde i ferien. Ho fortel om skumle forbikøyringar over bakketoppar og i svingar.

– Med svingete vegar, turistar og beitande dyr langs vegen er det skremmande at folk vågar å ta slike sjansar. Dei sparer ikkje mange minutt, meiner 28-åringen.

Trygg Trafikk: – Fleire manglar køyreferdigheiter

Audun Heggestad er distriktsleiar i Trygg Trafikk. Han meiner turistar på ukjende vegar skaper stor risiko for ferieutfarten.

– Turistane vil sjå seg rundt. Mange følgjer ikkje med på vegen og gir ikkje bilkøyringa den merksemda den treng.

Sommarmånadane er høgsesong for trafikkulukker på vegane. Ifølgje Trygg Trafikk aukar talet på trafikkulukker med hardt skadde eller drepne med nesten 50 prosent i sommarmånadane samanlikna med resten av året. Heggestad meiner stress og aggressiv køkøyring er med på å utløyse dette.

– Det er meir trafikk på norske vegar desse månadane. Ikkje minst her i Sogn og Fjordane. Det skjer fort ulukker når folk som ikkje er kjende på vegane ferdast her, seier han.

Audun Heggestad

TRYGG FORBIKØYRING: Distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk seier ein må ha god sikkerheitsmargin for å gjennomføre forbikøyringa på ein forsvarleg måte.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

I fleire videoar som NRK har fått tilsendt er det leigebilar som driv med farleg forbikøyring. Kan ulike trafikkreglar vere ein del av problemet?

– Ja, det kan det vere. Mange er ikkje vande med å køyre bil der dei kjem ifrå, seier distriktsleiaren.

Heggestad seier turistane kjem frå land med beine strekningar og motorvegar. Han trur mange som låner bil køyrer relativt lite.

Kva er viktig når ein skal føreta ei forbikøyring?

– Ein må ha lang sikt framover, slik at ein kan avbryte forbikøyringa om det kjem bil i mot.

Ifølgje Heggestad hissar folk seg opp og tek farlege forbikøyringar fordi dei vil forbi for einkvar pris.

Trygg Trafikk har fleire gode tips til alle som skal køyre bil i sommartrafikken:

Det viktigaste er at du har god tid, er opplagd, tilpassar farten og gir merksemd til bilkøyringa. Ikkje bruk mobil. Blikket og konsentrasjonen må vere på vegen framover, avsluttar han.