NRK Meny
Normal

Flaumtrøbbel for Briksdalen

Etter ein veldig god sesong for Oldedalen Skyss, strøymer no avbestillingane frå turistgrupper inn.

Briksdalsbreen

OMVEG: Mange turoperatørar synest vegen til Oldedalen Skyss blir for lang når Utvikfjellet er stengt.

Foto: Oldedalen Skyss / NRK

– Vi har dei siste dagane sett fleire og fleire avbestillingar, seier dagleg leiar Rogeir Haugen for Oldedalen Skyss i Briksdalen.

Fylkesveg 60 over Utvikfjellet har vore stengt sidan måndag, då eit kraftig uvêr skapte flaum i bygdene Utvik og Breim. Det skaper problem for verksemda til Haugen, som skyssar turistar til Briksdalsvegen.

Rogeir Haugen

BEKYMRA: Rogeir Haugen er spent på korleis august blir for verksemda hans.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Gjennomgangstrafikken er viktig for oss, men no blir det for langt for mange å køyre, seier Haugen.

Vegen over Utvikfjellet kan bli stengt ut september.

– Eit meir nyansert bilete

Tidlegare denne veka skreiv NRK at verken Hotel Alexandra eller gondolbana Loen Skylift hadde fått avbestillingar etter flaumen.

– Vi har ikkje tapt nokon gjestar. Alle som har bestilt har komme, og om nokon ikkje har komme, så har vi fylt opp igjen med ein gong, sa direktør Eivind Grov ved Hotel Alexandra.

Utvik-flaumen øydeleggingar

ØYDELEGGINGAR: Flaumen i Nordfjord får følgjer for mange.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Haugen meiner det er grunnar til at desse bedriftene ikkje får negative konsekvensar av flaumen.

– Det at «alle gjestene kjem likevel», det opplever iallfall ikkje vi. Det er eit meir nyansert bilete. Vi har forskjellige marknadar, og ligg plassert på ulike plassar. Loen Skylift ligg ikkje så langt frå Stryn, og gjestene kjem seg dit likevel. Det er ein annan situasjon for vår del.

Usikkert for sesongarbeidarane

– Sidan vegen vart stengt snakkar vi om tap på over hundre tusen kroner, seier Haugen.

Han er usikker på kva for nokre konsekvensar dette får for sesongarbeidarane. Nokre av dei innbooka gjestene endrar berre tidsskjemaet sitt, og kjem trass i den stengde vegen, mens mange avbestiller.

Endå ein herleg dag i skyssen i Briksdalen. Masse sol, varme, turistar, vatn.

FÆRRE FÅR SJÅ DETTE: Å bli skyssa inn til Briksdalsbreen er spesielt populært blant turistar frå Asia, ifølge Haugen. No avbestiller mange.

Foto: Anitha Kvamme

– Vi har hatt fullt trykk fram til no, og august såg i utgangspunktet veldig bra ut med bestillingar. Det kjem an på om turoperatørane vel å kansellere.

Han seier at dei gjer alt dei kan for å behalde gjestene sine.

– Vi har samla all informasjon vi kan til dei, men det blir ein omveg. Dei skal ta omsyn til køyre- og kviletid, og dei skal vidare etterpå. Mange droppar altså å ta turen til oss, seier han.