Flaumråka lustringar etterlyser statsrådane

– Når det reiser tre statsrådar til Skjåk, så burde det kanskje kome ein til Luster.

Halvard Johan Bolstad, på Bolstad i Luster

LURER: Som ein av mange evakuerte fekk Halvard Johan Bolstad merke flaumen tett på kroppen. No lurer han på kvar statsrådane blir av. – Dei får komme ein tur og sjå på dei mest råka plassane her i kommunen også. Det er heilt forferdeleg å sjå Mørkridsdalen i dag, seier han.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det meiner Halvard Johan Bolstad, ein av fleire som søndag vart evakuert under flaumen i Mørkridsdalen.

Han, og fleire med han, reagerer på at regjeringa sende fleire statsrådar i helikopter for å sjå på skadane i Skjåk . Til Luster kom ingen.

– Eg føler at dei ikkje bryr seg om småplassane, seier Bolstad.

120 evakuerte

Andreas Wiese, bonelagsleiar Luster

TEMA: Andreas Wiese seier det har vore tema blant innbyggjarane at representantar frå regjeringa ikkje har vist seg i bygda. – Det er snodig at dei reiser så mange til Skjåk,, men ingen hit. Dei burde vore her også, seier han.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Luster og Skjåk vart råka aller hardast då store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting førte til flaum i Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland i helga.

Dei veldige vassmengdene gjorde stor skade på vegnettet og matjord, og trua fleire bustadar.

I Luster vart kring 30 personar evakuerte. Tre gonger så mange måtte reise frå heimane sine i Skjåk. Mange bustader i begge kommunane fekk store skader.

SJÅ VIDEO: Flaumen i helga gjorde sette tydelege spor på Mørkridsdalen og Fortunsdalen i Luster.

– Optimismen og den rolege tilnærminga menneska her viser er unik, sa beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) etter besøket i Skjåk tysdag.

Svipptur frå Skjåk

Wara hadde med seg olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) på flyturen frå hovudstaden.

I Luster har Bolstad høyrt fleire kommentere at regjeringa ikkje prioriterer vestlendingane.

Vegen til Mørkrid i Luster

STOR SKADE: Kring ein kilometer av vegnettet i Luster vart øydelagt i flaumen. Dette bilete er frå vegen til Mørkrid.

Foto: Terje Anton Gudmundsson

– Kvifor kunne ikkje ein av dei kome beint over fjellet til Luster for å sjå på dei mest råka plassane her? Det er 10–15 minuttar flytur, seier Bolstad.

Andreas Wiese er samd.

– Vi har merka oss dette. Det kunne kanskje vore ein ide at dei viste seg her også, legg han til.

– Let seg ikkje gjere

Wara har i dag delteke på 70-årsjubileet for FNs menneskerettigheitserklæring og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Andreas Bondevik i kommunikasjonsavdelinga skriv i ein e-post til NRK at regjeringa har fått løpande orientering om flaumsituasjonen i Noreg.

Besøket på Skjåk vart organisert på kort varsel, og det var DSB, Fylkesmannen og lokale styresmakter som laga opplegget.

– Dei tre statsrådane skulle gjerne ha vitja fleire av dei hardt flaumråka områda. Det let seg diverre ikkje gjennomføre å besøke også Luster denne gang av reint praktiske årsaker, skriv Bondevik.

– Statsministeren ringde

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp) seier prioriteringa er opp til regjeringa.

– Det viktigaste for meg er å få på plass fagetatar og dei som har kunnskap om korleis vi skal angripe oppryddinga, ta tilbake det elvane har øydelagt og få gjenoppretta tryggleiken til innbyggjarar og verdiar, seier han.

– Men statsministeren tok kontakt med meg på telefonen og var veldig interessert i situasjonen og uttrykte omtanke for dei råka. Eg tykte det var flott gjort av Statsministeren, legg han til.