Hopp til innhold

Flaumråka kommunar får nær 90 millionar

Dei flaumråka kommunane på Vestlandet får i stor grad oppfylt dei økonomiske krava sine etter flaumskadane i oktober.

Flåmselvi sine herjingar

PENGAR: Aurland har søkt om nær 13 millionar kroner til strakstiltak i kommunen etter flaumen, og regjeringa kjem med nesten alle pengane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi har bestemt at Aurland får 12,5 og Lærdal nesten seks millionar i ein første fase, for å raskt kunne kome i gang med opprydding, og utgifter i krisesituasjonen dei var i, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

I Hordaland får Odda 52 millionar kroner til akutte tiltak, Voss får litt over 13 millionar kroner og Kvam får 2,6 millionar. Den samla utbetalinga er på 86 millionar kroner. Odda og Voss har søkt om nær det doble av det dei fekk tildelt. Pengane skal vere utbetalte før jul.

Ordførar i Aurland, Noralv Distad er nøgd med pengane som regjeringa løyver til strakstiltak.

JULEGÅVE: Ordførar i Aurland, Noralv Distad er nøgd med å ha fått om lag så mykje pengar som han trong til strakstiltak etter flaumen.

Foto: Rune Fossum

Ordførar i Aurland er glad for den tidlege julegåva frå regjeringa.

– Det er kjempekjekt. No får vi dekka arbeidet vi har gjort i akuttfasen og noko vidare, så det kjem godt med, seier Noralv Distad (H).

Enorme øydeleggingar

Då flaumen herja i oktober, vart Aurland, Lærdal, Odda og Voss spesielt hardt råka. Hus flaut nedover elvane, vegar og bruer forsvann og mange hundre personar måtte evakuerast frå heimane sine. Nokre må framleis bu andre stader medan dei ventar på at husa kan byggast opp att.

Tilsette i Aurland kommune er på ny synfaring i det flaumråka området.

ARBEID: Framleis er det mykje som må på plass før ein kan seie seg heilt ferdige med oppryddingsarbeidet i Flåm.

Foto: Rune Fossum

Den kommunale infrastrukturen fekk også merke vasskreftene som var i sving. Berre i Aurland kommune reknar ein med at det vart gjort skade for 130 millionar kroner. Som ei første hjelp i den akutte fasen er det likevel berre bedt om kring 13 statlege millionar i hjelp.

Reknar med å dele ut meir pengar

Ordførarane i dei råka kommunane har etterlyst at pengane måtte kome raskt på plass, og Sanner er glad for å kunne innfri dette ynsket. Han trur også at det vil kome krav og ynskje om meir pengar, og det er Sanner budd på å dele ut.

– I denne omgang blir det utbetalt om lag 90 millionar kroner, men vi veit at kostnadane til gjenoppbygging av kommunal infrastruktur blir høgare. Vi veit at desse kommunane vil kome tilbake når dei har fått betre oversikt over kostnaden, og då vil vi vurdere det i tråd med retningslinjene våre, avsluttar Sanner.

Over 1000 eigedommar vart råka av uvêret, og forsikringsselskapa vil betale ut kring 400 millionar kroner i erstatning. Også NVE har spelt inn at dei treng 211 millionar kroner ekstra for å gjennomføre krise- og hastetiltak.

– Eg syns regjeringa har levert godt til no. Det er mykje som står att, men eg føler vi spelar godt på lag med statlege styresmakter, seier Aurlandsordføraren.

I dag delte regjeringa ut pengar til opprydding etter flaumskadane tidlegare i haust. I Flåm var ordføraren og teknisk sjef på synfaring med NVE då dei fekk nyheita.

SJÅ TV-SAK: I Flåm var ordføraren og teknisk sjef på synfaring med NVE då dei fekk vite kor mykje midlar staten legg på bordet.