Hopp til innhold

Flaumfaren er nedjustert – men NVE held oppe beredskapen

I dag gjekk flaumvarselet ned frå oransje til gult nivå, det nest lågaste på NVE sin skala. Men NVE seier dei ikkje vil senke «guarden» heilt enno.

Høga Bru i Aurland

HAR ROA SEG: Mykje tyder på at flaumtoppen vart nådd i går. Her frå Høga Bru i Aurland.

Foto: Noralv Distad

Nedbøren i går vart mindre enn venta og snøsmeltinga har minka, dermed er det mindre fare for flaum. Regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, seier dei likevel følgjer situasjonen nøye.

– Gult farenivå betyr at det framleis er moglege flaumutfordringar. Men det ser ut til å gå rett veg, seier Samdal.

Lærdalselva
Foto: Vidar Jansen

Gir ros til kommunane

Han seier det var ein travel dag i går med høg vasstand i fleire elver i fylket, utan at det har ført til skadar. Samstundes rosar han kommunane for måten dei har mobilisert mot flaumfaren.

– Dei har teke dette på alvor og vore klar for oppgåvene dei hadde framfor seg, seier Samdal.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen, seier ting verkar å gå tilbake til det normale.

– Flaumtoppen vart nok nådd i går midt på dagen. No verkar det som om elvane er på veg ned og situasjonen stabiliserer seg, seier han.

Held oppe beredskapen

Heller ikkje han har registrert noko betydelege skader etter flaumen, med unnatak av det store skredet som gjekk i Jostedalen. Sjølv om ting verkar å roe seg, vil dei framleis følgje med i dagane som kjem.

– Vi har vaktberedskap heile tida. Så viss innbyggjarane ser at ting skjer, er det berre å gje beskjed, seier han.

Brigt Samdal i NVE seier flaumfaren må reduserast ytterlegare før beredskapen går tilbake til det normale

– Ved gult nivå er det framleis stort fokus på å følgje med på vasstandar og varslingar. Etter kvart når vi går tilbake til grønt nivå, så normaliserer kvardagen seg, seier Samdal.

Stor fare for flaum mange stader. NVE er i full beredskap.

VIDEO: Den pensjonerte bonden ser utover livsverket som blei knekt og øydelagt av ein storflaum i fjor haust. No har han og andre frykta ein ny flaum.