Hopp til innhold

Flaumen raserte Utvik – no fryktar han for nabobygda

Professor Oddbjørn Bruland åtvara om storflaumen i Utvik, og fekk rett. No fryktar han ei større katastrofe i nabobygda Innvik.

Oddbjørn Bruland

ÅTVARAR: Innvik kan bli råka på ein endå verre måte enn Utvik om same typen ekstremnedbør treff bygda.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Om det kjem ein tilsvarande flaum i Innvik som i Utvik er eg stygt redd det kan gå veldig gale, seier Bruland.

Snart ein månad er gått sidan ekstreme nedbørsmengder forvandla Utvik sentrum til eit krater av jord og stein. Rådlause bygdefolk såg Storelva og Brulandselva vaske med seg livsverka til folk på fjorden.

– Noko av det farlegaste som finst

Innvik og Utvik ligg begge på elvesletter, med bratte elvar som går ned bakkane gjennom bygda.

– Flaumar i slike elvar er noko av det farlegaste som finst. Potensialet for å ta liv er større i slike elvar som renn raskt. Innvik er ein vel så truga stad, elva ligg mange stadar høgare enn terrenget rundt, seier Bruland.

Innvik

INNVIK: Innvik i Stryn kommune kan vere kraftig utsett for flaum.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er kjempebekymra

Bruland fryktar for både skulen og omsorgssenteret om elva tek laus på feil måte. Han er ikkje åleine om å engste seg: Dagleg leiar i Innvik AS, Bjørn Åge Haugen, driv tekstilproduksjon med nær seksti tilsette i fabrikken ved elva.

– Vi er kjempebekymra. Vi har sett under flaumar at vatnet er heilt oppunder brua, at førebygningane er svake, og at elva tek med seg steinar. I tillegg veks det til med skog kring elva, seier Haugen.

Innvik i flaum

FLAUM: I oktober 2014 gjekk ei av elvane i bygda over sine breidder.

Foto: Karin Vindfjell Frøholm

Noko av det siste Haugen gjorde før ferien var å avtale møte med kommunen for å diskutere situasjonen. Så kom flaumen i Utvik.

– Det er skremmande, eg tenker med gru på ei tilsvarande vassmengde her i bygda, seier han.

Er du nøgd med kva NVE og kommunen har gjort så langt?

– Utfordringa er at eg ikkje veit kva som er gjort, seier Haugen.

Storelva Innvik

STORELVA: Storelva i Innvik frå området bak tekstilfabrikken til Innvik AS. Store delar av elveløpet går gjennom utbygde område.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi kan ikkje gå rundt og spreie frykt

Men regionsjef i NVE Brigt Samdal vil ikkje love at elva gjennom Innvik blir sikra no.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

VURDERER ELVA: Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier dei vurderer Storelva i Innvik.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi har dialog med Stryn kommune og innbyggarane. Vi ser på elva, og gjer vurderingar om tiltak. Det er mange elvar på Vestlandet som det er tilsvarande grunn til å vere urolege for, om ein ser på nedbørsmengdene som kom i Utvik.

– Har Innvikarane grunn til å vere bekymra?

– Det er alltid grunn til å ha respekt for elvane og naturen, samstundes kan vi ikkje gå rundt og spreie frykt for å bu der ein bur.

Kommunen vil ha kartlegging og sikring

Men ordførar i Stryn Sven Flo (H) er like bekymra som Haugen og Bruland. Han krev at NVE kartlegg og sikrar elva.

– Litt av grunnen til at det er kritisk, er at vi har bustadar, skule, barnehage og verksemder liggande tett på elva. Vi vil ha trykk på denne saka, seier Flo.

Utvik sentrum frå Helikopter flaum

UTVIK 24. JULI 2017: Flaumen i Utvik øydela så mykje at det vil ta år å få alt reparert.

Foto: Alf Vidar Snæland