Hopp til innhold

Flaumen øydela bruer og stiar i fjellheimen

Den dramatiske storflaumen i haust har ført til store øydeleggingar i populære turområde i fjellheimen mellom Austlandet og Vestlandet.

Hengebru i Lundadalen - på veg mot Trulsbu

VEKKE: Denne hengebrua nedanfor Lundadalsvatnet på ruta inn til Trulsbu, fekk store skader under flaumen.

Mange av bruene til DNT i Jotunheimen blei øydelagde, og fleire stadar er det vanskeleg å ta seg fram til turisthyttene i det populære turområdet mellom Ottadalen og Sogn.

Eigedomssjef Jan Erik Reiten i DNT Oslo og omegn, seier dei framleis ikkje har full oversikt, men at flaumen gjorde særleg stor skade i Mørkridsdalen i Luster.

– Der er både stiar og mange bruer vekke. Vi veit også at to stiar inn mot Arntsbu er vekke, men det er fleire stader vi enno ikkje har vore på synfaring fordi områda er langt inne i fjellheimen.

Han seier at om lag ti bruer er vekke på grunn av flaumen.

– Tek vi med heile Breheimen og Skjåk, er det endå fleire. Ein del er DNT sine bruer, andre høyrer til private grunneigarar. Det er eit område med mange beitedyr, så det er mange bruer som blir nytta i samband med beiting.

Kan ta lang tid

Hengebru i Lundadalen - på veg mot Trulsbu

HENGEBRU: Slik såg hengebrua ut før flaumen.

Den eine vegen mot Nørdstedalsseter er skadd og det er ikkje sikkert denne blir reparert til sommaren.

– Det går to stiar opp mot Arentzbu, slik at det nok kan bli trøbbel med å komme opp Mørkridsdalen. Eg trur ikkje det er så mange område som blir heilt utilgjengelege på sørsida, men i Skjåk inn mot Trulsbu, der er tre bruer vekke. Der vil det ta tid å få dei i orden att.

Reiten seier det førebels er uvisst kor mykje det vil koste å få alt i stand att.

– Vi er forsikra, men vi må ut med ein eigendel. Dette handlar ikkje berre om pengar, men også at mange timar går med med på oppbygginga.

Må byggast heilt opp att

Nasjonalparkforvaltar Eldrid Nedrelo seier det ikkje første gong at flaum fører til skade.

– Men det er nok første gong det er så omfattande skadar på ein gong.

Ho seier dei i samarbeid med grunneigarane har fått ganske god oversikt over korleis det står til i landskapsvernområdet.

– Det er omfattande skadar på infrastruktur som bruer og buføringsvegene, spesielt dei som går innover dalen.

Nedrelo seier at to av bruene må byggjast heilt opp att, og at arbeidet på i alle fall ei av dei vil føre til store kostnader.

– To bruer av bruene i området er heilt vekke og fleire har store skader.

Steinur rett i elva

Ho fortel at dei mest omfattande skadane er på buføringsvegen.

– Han er vaska heilt vekk på eit punkt. Det er det no berre ei steinur som går rett i elva. Når dette skjedde stod framleis beitedyr i området, men grunneigarane fekk hjelp av sherpaer som lagde ein mellombels veg slik at dyra kom seg ut.

Det er grunneigarane og sankelaget som eig delar av infrastrukturen og grunnen. Nedrelo seier at nasjonalparkstyret vil bidra med pengar så langt det let seg gjere.

Dette er brua over Austra i Mørkridsdalen,

SKYLT VEKK: Dette er brua over Austra i Mørkridsdalen der berre deler av fundamenta sto igjen etter flaumen. Sjølve brulegemet blei blitt skylt vekk, men blei henta ut av elva på fundamenta igjen i førre veke.