Hopp til innhold

Grunneigarar må bruka ein million på flaum-rydding

SKJOLDEN (NRK): Grunneigarane i Mørkridsdalen i Luster må ut med over ein million kroner av eiga lomme etter at flaumen i fjor raserte vegar og dyrka mark.

Vatn i vegen inn til Mørkridsdalen etter flaumen i Luster

ENORME VASSMASSAR: Elvene i Mørkridsdalen og Fortunsdalen fløymde over i oktober 2018. Det førte til store materielle skadar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Andreas Wiese ser på maskinene som er i full gang med ordna opp dei øydelagde vegane øvst i Mørkridsdalen i Luster. I oktober i fjor herja vassmassane her og i nabodalen Fortunsdalen. Dyrka mark, hus, fjøs og vegar fekk store skader i vassmassane.

Andreas Wiese

GRUNNEIGAR: Andreas Wiese

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Heldigvis var det ikkje fare for liv og helse. Men det er levebrødet vårt. Det er klart det er dramatisk, seier grunneigar Wiese, som også er leiar i Luster bondelag.

– Sett ut av spel

Private stølsvegar og vegar til beite som bøndene er heilt avhengige av, forsvann i vassmassane.

Dei får dekka mykje av naturskadefondet, men må ut med ein eigendel på 15 prosent. Med ein totalkostnad på mellom seks og ni millionar kroner, må grunneigarane fort punga ut over ein million kroner.

Flom i Mørkridsdalen frå helikopter
Foto: Oddmund Haugen / NRK

Mørkridselva er verna, og dermed er det ikkje moglegheit til å gjera flaumdempande tiltak, som til dømes å bygga ut elva.

Då kunne dei regulert den og dei verste flaumtoppane kunne vore unngått. Grunneigarane føler seg sett ut av spel av Staten og vernet av elva.

– Me kan ikkje beskytta oss mot vassmassane, slik me kunne gjort med eit utbygging. Me syns det er rimeleg at storsamfunnet kjem inn og hjelper oss når sånt skjer, i og med at det er eit ønskje at det skal vera eit vern. Det skulle berre mangla at me som bur her skal få draghjelp når det skjer ei slik katastrofe, seier Wiese.

Les svaret frå Olje- og energidepartementet nedst i saka.

Slåttemarka til Øyvind Listou i Mørkridsdalen

DYRKA MARK FORSVANN: Mange mål med dyrka mark forsvann i vassmassane.

Foto: Privat

Sette i gong på eige initiativ

Inntil vidare har grunneigarane måtte ordna alt sjølv. Den endelege taksten frå naturskadefondet er ikkje klar, så dei veit ikkje akkurat kor mykje dei faktisk får dekka. Men dei hadde ikkje tid til å venta på at staten skulle bli ferdig med sitt.

– Me har ein sjanse til å bli ferdig til påske med det verste. Då får me sleppt dyra på beite til vanleg tid, og det er viktig, seier Wiese.

Men han fryktar i verste fall for landbruket i heile dalen, dersom det ikkje blir endringar i anten elva eller erstatningsordningane.

– Om den dyrka marka forsvinn og beiteområda blir utilgjengelege, så går det ikkje an å driva gardsdrift her. Om me ikkje får gjort dei tiltaka som er naudsynte no og for sikring mot framtidige flaumar, er det ein fare for at det skjer.

Har forståing

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Liv Lønnum (Frp), seier den enkelte eigar har eit ansvar for å sikre seg sjølv og eigedommen.

– For å unngå store økonomiske tap for den enkelte, er det etablert erstatningsordningar, mellom anna naturskadeerstatning, seier Lønnum og legg til at ho har forståing for den belastninga skadane har påført grunneigarane i dette området. (Les heile svaret i faktaboksen under)

Knut Stokkenes (t.v.) og Andreas Wiese

STORE SKADER: Knut Stokkenes (t.v.) og Andreas Wiese er to av grunneigarane som fekk store delar av marka si øydelagd i flaumen i fjor.

Foto: Arne Stubhaug / NRK