Hopp til innhold

Flaumen fører til milliontap for energiselskap

Elleve trafoar skada av lynet, enorme skadar på linjenettet, ein transformatorkiosk som reiste på fjorden og fleire hundre husstandar utan straum.

Trafoar øydelagde av lyn

STORE SUMMAR: Elleve trafoar, kvar til ein verdi av om lag 35.000 kroner, vart øydelagde av lynnedslag under uveret i Indre Nordfjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det var dette Stryn Energi vakna opp til måndag for ei veke sidan. Selskapet reknar med at flaumen og toreveret i Indre Nordfjord vil koste selskapet rundt tre millionar kroner.

– Dette vil heilt klart slå negativt ut på botnlinja for oss, seier nettsjef Hans Ørjasæter.

Kostnadane kjem både av direkte skadar på materiell, arbeidet med å bygge nytt linjenett og erstatning til kundar for tap av straum.

Svært dårleg tidspunkt

Uveret råka samtidig som store delar av mannskapet var ute i ferie.

– Det skjedde på verst tenkjeleg tidspunkt, seier Ørjasæter.

Tilsette vart kalla tilbake frå ferie og mannskap frå Sogn og Fjordane Energi og BKK kom til for å hjelpe. Ørjasæter skryt av mannskapet som stod på natt og dag for å få straumen tilbake til dei som var råka.

Trass i at alle har fått straumen tilbake, står det att mykje arbeid. I Utvik ligg det kablar på bakken, stolpar er vaska vekk og nytt linjenett må på plass. Dagens straumforsyning er berre midlertidig.

Hans Ørjasæter

NETTSJEF: Hans Ørjasæter i Stryn Energi.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Provisoriske løysingar

Stryn Energi reknar med det vil koste om lag ein million kroner å få på plass ei permanent forsyning til den hardt råka bygda.

– Vi har nok ein månads arbeid føre oss i Utvik, før alt er på plass, seier arbeidsleiar Magnar Breidablikk.

Selskapet har enno ikkje oversikt over kva forsikringa dekkjer, og kva som blir reine tap for Stryn Energi.

– Men berre erstatningar til kundar for bortfall av straum vil truleg kome opp i ein million kroner, seier Breidablikk.
Dette dekker ikkje forsikringar.