Hopp til innhold

Flaum skapar problem også i vest

Det store vasskaoset på Austlandet skapar vanskar også for transportbedriftene på Vestlandet. I Gudbrandsdalen står tre av bilane til Tenden transport i Stryn bom fast.

Står fast grunna flaum

MÅTTE PARKERE: Opptil 50–60 vogntog måtte til slutt gi opp leitinga etter alternative vegar å køyre. Dei står no parkert på Vinstra i Gudbrandsdalen og ventar på at vatnet skal gå ned så vegane kan opne.

Foto: Privat

Ståle Bergset er ein av tre førarar i Tenden transport som seint onsdag kveld måtte parkere vogntoget på Vinstra i Gudbrandsdalen grunna stengde vegar. Og dei er langt ifrå dei einaste.

– Det er ein 50–60 vogntog parkert som ventar på at det skal opne på Kvam. Det er der det kritiske punktet er. Akkurat her ser det veldig bra ut. No har dei stengd sørover også, både på Frya, Ringebu og Tretten, så vi kjem ikkje den vegen heller, fortel Bergset.

Mange er råka

Ståle Bergset i Tenden transport

MÅ VENTE: Ståle Bergset er ein av fleire i transportbransjen som må smørje seg med tolmod.

Foto: Privat

Flaumen har dei siste dagane skapt store problem aust i landet. på Kvam i Gudbrandsdalen er 250 personar evakuerte grunna enorm vassføring, medan 41 måtte forlate heimane sine i Eidsvoll då det er fare for at ein demning kan sprekke. Dei store vassmengdene skapar problem også for Vestlandet.

Dagleg leiar i Tenden transport, Rolf Olav Tenden, fortel at førarane som står fast på Vinstra ikkje er dei einaste som har møtt på problem som følgje av dei omfattande flaumproblema på Austlandet.

– Vi har hatt mange bilar med problem, men vi tenkjer mest på dei som er ramma direkte av vatnet og blitt evakuert frå heimane sine og kanskje fått dei øydelagd. Førarane våre sit trygt og høgt i sine bilar på ein bakketopp, så førebels har det gått bra, seier Tenden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flom Kvam

FLEIRE EVAKUERT: På Kvam i Gudbrandsdalen er over 250 evakuerte grunna flaumen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Tapar pengar

For transportbedrifta har derimot økonomien fått seg ei skramme.

– Kostnadselementet er vel kanskje det verste for oss i går og i dag. Men vi har klart å komme oss gjennom bortsett frå dei tre bilane vi har ståande der nede.

– Kor mykje har dykk tapt?

– Det er vanskeleg å kalkulere, men sånn reint driftsmessig er det om lag tapt 20.000 sidan i går kveld. Det er kanskje verst for dei bedriftene som ikkje får varene sine. Blant anna Ståle som sit med fersk kjøt som eigentleg skal vere kappa til kotelett på grillen i helga, så er det litt meir vanskeleg for bedriftene, seier Tenden.

Han fortel at det har vore komplisert å finne alternative ruter, trass i at førarane er flinke å leite etter løysingar.

– Vi hadde nokre som kom gjennom E16 på Kvam medan det var stor vassføring. Då sende dei store bilar gjennom gatene, men det var berre så vidt det gjekk. Litt omrokering har det blitt, og litt lossing på feil stader har vi måtte gjere, for vi i Gudbrandsdalen får vi ikkje levert noko. Så difor måtte vi losse av på Otta og på Hamar det som skulle av mellom dei to stadene, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flomlandskap

STORE SKADAR: Den enorme vassføringa på Austlandet har øydelagt mykje over store delar av landsdelen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Bussruter er innstilt

Også ekspressbussane har merka flaumen. Svein Arne Vik køyrer Nettbuss si rute mellom Nordfjord og Oslo og fortel at alt no er innstilt.

– Det var innstilt i natt i begge retningar, og det er også innstilt no på dagtid og i ettermiddag. Vi håpar no at vatnet skal gå litt ned så vi kan begynne å køyre litt buss igjen, seier han.

– Kva moglegheiter har dei som skal reise denne strekka?

– Det er vel i grunn svært få moglegheiter, for det er stengt opp til fire stader på E6, og nokre stader er det omkøyringsmoglegheiter, andre stader ikkje. Og så er det lange bussar så vi kan ikkje sende dei ut på alle slags småvegar, seier Vik.

Ifølgje han kan det bli aktuelt å køyre om Sogn, men førebels har dei vald å ikkje gjere dette.

– Nattbussane til og frå Sunnmøre gjekk via Sogn i natt, medan nordfjordbussane vurderte å ikkje gjere det. Så det vert ei vurdering til natta igjen om ein skal køyre via Sogn, seier han.