Utan ballbinge etter flaum: Staten nektar å erstatte naturskaden

UTVIK (NRK): – Ballbingen var møteplassen vår, og det er svært dumt at den er vekke, seier 11 år gamle Andrea Bruland.

Område der ballbingen låg

SKUFFA: Ruben Sørland (8), Rikke Sørland (11), Andrea Bruland (11) og Aron Hauge Nesdal (10) er fortvilte over at ballbingen i Utvik ikkje blir bygd opp igjen. Statens Naturskadefond nektar å erstatte ballbingen for dei meiner den burde vore forsikra.

Foto: Bård Siem / NRK

Det blir ikkje det same lenger for ungane å møtast nedanfor bygdehuset i den vesle bygda Utvik i Nordfjord.

– Det var så gøy å spele fotball her, men no går det ikkje lenger, seier åtte år gamle Ruben Sørland og sukkar.

– Heilt einig. Eg håper vi får ballbingen tilbake, seier Aron Hauge Nesdal (10).

Det som tidlegare var ein ballbinge full av aktivitet, har vorte ei stor og vassrik elv. Den enorme flaumen i Utvik i slutten av juli 2017 sopa like godt heile ballbingen på sjøen. I ettertid vart elvelaupet flytta og går akkurat der ballbingen og grusbana ved sida av låg.

Flaumen i Utvik

RASERT AV FLAUM: Den vesle bygda Utvik i Nordfjord fekk omfattande skader etter flaumen i juli 2017. Mellom anna vart ballbingen sopa på sjøen.

Foto: NRK-TIPSAR

Provosert ordførar

Vassføringa i elva er stor og regnbyene går tett i det Sp-ordførar Per Kjøllesdal i Stryn går ut av bilen der ballbingen låg. Han er oppgitt og provosert over at Landbruksdirektoratet har vendt tommelen ned til å erstatte den øydelagde ballbingen.

– Det er svært skuffande at ansvaret blir skyva over på frivillige organisasjonar og folk som gjer dugnadsarbeid året rundt, seier Kjøllesdal.

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn

GODTEK IKKJE: Ordførar Per Kjøllesdal (Sp) i Stryn forstår ikkje kvifor Landbruksdirektoratet ikkje vil erstatte den øydelagde ballbingen i Utvik.

Foto: Bård Siem / Bård Siem

Ordføraren viser til at ballbingen er svært viktig for borna i bygda.

– Ballbingen er ein av dei få felles møteplassane borna. Det er uforståeleg at Landbruksdirektoratet er negativ til å erstatte dette, seier han.

Taksten for å bygge det heile opp igjen er sett til 1,3 millionar kroner, men bygdefolket får berre 300.000. Det er altfor lite til å lage ein ny ballbinge.

Meiner ballbingen burde vore forsikra

Hovudbodskapen frå Stortinget, som har fastsett regelverket for erstatning etter naturskade, er at det må teiknast privat forsikring for idrettsanlegg som kan forsikrast. Landbruksdirektoratet avviser å erstatte heile tapet for ballbingen i Utvik nettopp fordi dei meiner ballbingen kunne vore forsikra.

– Vi har fått stadfesta at det er mogleg å forsikre ein ballbinge. Ifølgje Naturskadeerstatningsloven § 2 blir det difor ikkje gjeve erstatning for ballbingen, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

– Men er det ikkje mogleg å vise skjønn?

– Eg har ikkje problem med å forstå at ein blir skuffa over at ein ikkje får erstatta det ein har tapt, men når det gjeld saker som blir avgjort etter § 2 er det ikkje høve til å vise skjønn, seier Dretvik.

Ordførar Kjøllesdal stiller seg undrande til grunngjevinga for avslaget.

– Poenget er at det går ikkje an å forsikre eit objekt utan det har eit organisasjonsnummer. Utvik Utviklingslag, som ville vere ein naturleg aktør til å forsikre anlegget, hadde på den tid ikkje organisasjonsnummer. Difor vart det slik, seier ordføraren.

Skisenter rasert, men får ikkje erstatning

Også når det offentlege er inne på eigarsida av idrettsanlegg er Landbruksdirektoratet skeptisk til å erstatte skader etter flaum og andre naturøydeleggingar.

I samband med ekstremvêret i Jølster i juli i år fekk både heistraseen, skibakkane og eit vassbasseng ved Jølster skisenter omfattande skader. Skisenteret har søkt Landbruksdirektoratet om åtte millionar kroner i erstatning, men har fått avslag. Bakgrunnen for avslaget er at Sunnfjord kommune eig 57 prosent av anlegget. Vedtaket er påklaga.

– Eg forstår ikkje avslaget, seier ein skuffa Even Hole, dagleg leiar ved skisenteret.

HEILT ØYDELAGT: Dagleg leiar Even Hole står i det som ein gong var heistraseen. No er det meste vaska vekk av flaum.

OPPGITT: Dagleg leiar ved Jølster skisenter, Even Hole, er skuffa over at Landbruksdirektoratet har avslått å erstatte dei omfattande skadane etter flaumen i sommar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Når det gjeld saka om Jølster skisenter er vi inne på eit område der det kan visast skjønn. Her må sakshandsaminga få gå sin gang. Ut over dette vil eg ikkje kommentere saka, seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.

Vil endre regelverket

Styreleiar i Vestland idrettskrins, Nils R. Sandal, likar ikkje signala frå Landbruksdirektoratet.

– Dersom regelverket er slik at korkje ballbingen i Utvik eller skibakken i Jølster får erstatning frå det offentlege etter omfattande naturskadar, er det noko gale med regelverket. Her må regelverket endrast slik at idretten får si rettmessige erstatning. Det skulle berre mangle, seier Sandal.

Nils R. Sandal med mikrofon på folkemøte

KREV ENDRING: Styreleiar i Vestland idrettskrins, Nils R. Sandal, meiner regelverket må endrast slik at det blir lettare å få erstatning for naturskadar på idrettsanlegg.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK