Hopp til innhold

Flaum og skred kan bli mykje meir vanleg

Det norske vegnettet er ikkje rusta for dei auka nedbørsmengdene som klimaendringane fører med seg, og forskarar trur konsekvensen kan bli meir dramatisk enn vi har trudd til no.

Raset ved Vassenden i Jølster

MEIR FLAUM: Det kan bli mykje meir flaum i framtida, her frå flaumen i Jølster i sommar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Dersom alle grøftene, røyra og høgda på vegen er dimensjonerte for å tole gårsdagens nedbørsmengder, så vil alle nedbørshendingar av ein viss storleik kunne føre til flaum i framtida, seier forskar ved Vestlandsforsking Torbjørn Selseng.

Han forklarer at målingar som dei har gjort, syner at konsekvensen av den auka nedbørsmengda som vi kan vente oss, kan bli dramatisk.

– Det er lett å tenkja at dersom nedbøren aukar med ti til tjue prosent, vil talet på flaumar auka med ti til tjue prosent, men slik er det ikkje. Talet på hendingar kan auke med fleire hundre prosent, seier Selseng.

Venke Nordeide pendlar mellom Førde og Askvoll i Sunnfjord kvar dag, og ho merkar allereie at steinrasa kjem oftare enn før.

– Når eg køyrer må eg nesten kople ut tankane. Då gjeld det å kome forbi raskast mogleg. Vi aldri veit når det kjem større steinar. Det er veldig mange som har fått øydelagt bilane eller har punktert, seier Venke Nordeide.

Venke Nordeide

PENDLAR: Venke Nordeide seier at vegen er blitt stengt oftare dei siste åra.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Alle som køyrer her er redde

Det går ras på vegen mellom Førde og Askvoll med jamne mellomrom, ein gong hamna ein bil på sjøen. og det ser ut at det berre skal bli verre.

Noreide har i 35 år dagpendla på vegen mellom heimen i Kvammen i Askvoll og regionsenteret Førde.

– Det har blitt verre dei siste åra. Spesielt dei to siste åra har det vore hyppigare tilfelle med stenging av vegen. Alle som pendlar på vegen er redde. fortel ho.

Sjølv håpar ho at det skal verte bygt tunnel. Men om så ikkje skjer kan det fort verte endå meir dramatisk å køyre både denne og andre ras- og flaumutsette strekningar, som til dømes langs E16 mellom Voss og Bergen og riksveg 7 i Tokagjelet i Hardanger.

Tokagjelet

RASUTSETT: Riksveg 7 ved Tokagjelet i Hardanger er ein av dei mest rasutsette strekningane i Vestland fylke.

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Mangedobling av skred og flaumar

Det er Vestlandsforsking og Menon Economics som har utført ei kartlegging for Statens vegvesen, og konklusjonen er at vi må vere budde på oftare vegstengingar på grunn av auka nedbørsmengder.

Om det ikkje vert investert i førebyggjande tiltak kan flaum- og skredskadar på vegane våre verte mangedobla dei neste tiåra.

– Vi veit frå før at vegane våre somme stader ligg utsett til. Då skal det ikkje mykje auke i nedbør, temperatur eller havnivåstiging til, før talet på potensielle skred eller flaum-hendingar skyt i vêret, seier forskar Torbjørn Selseng hos Vestlandsforsking.

Dina Lefdal

VEGSJEF: Dina Lefdal i Vestland fylke er samd i at det vil løne seg å førebyggje.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Vegsjef ikkje overraska

Direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylke, Dina Lefdal, er ikkje overraska over funna.

– Vi har dei siste åra registrert at det kjem hyppigare nedbør, store nedbørsmengder og at det er veldig lokalt som til dømes i Utvik og Jølster. Vi veit det kjem meir av dette, men vi veit ikkje kvar og når det kjem.

Ho er samd i det vil løne seg å vere tidleg ute med tiltak, men at det er vanskeleg å vite kvar ein skal starte.

– Det er eit langsiktig arbeid, seier ho.

Fryktar dødsulukker

Tilbake i Askvoll fryktar Venke Nordeide konsekvensane om forskarane får rett og det ikkje vert bygt tunnel på pendlarvegen hennar.

– Veit alle at klimaet har endra seg. Dette vil verte verre. Vi må gjere alt vi kan for å sikre vegane. Eg fryktar at det kan skje ulukker med tragisk utfall.