Flaum og ras får store følgjer for bøndene i Jølster

JØLSTER (NRK): Jord- og steinmassar har gjort store skadar på dyrka areal i Jølster. – Enorme summar må brukast, seier bondelagsleiaren.

Geir Støfring, bondelagsleiar Jølster

STORE SKADAR: Jord- og steinmassar har gjort store skadar på dyrka jord i Jølster, fortel bondelagsleiar Geir Støfring.

Foto: Bård Siem / NRK

Etter uvêret førre veke er skadane i Jølster store. Dette har òg bøndene i området fått merke, fortel bondelagsleiar Geir Støfring.

– Landbruket har fått merke dei store vassmengdene som kom på veldig kort tid. Det har vorte noko vi aldri har sett før, litt slik som det som skjedde i Utvik og Gloppen for to år sidan.

Støfring fortel at dei framleis ikkje har heilt oversikt over kor store areal som er øydelagde.

– Vi såg seinast i går at folk er ute og kikar oppe i dalføret som vi endå ikkje har vore i, og det dukkar opp meir og meir. Av det nyttbare landbruksarealet som ligg i dalen blir det nokre hundre mål som er raserte av jord- og steinmassane.

Ras på slåttemark på Slåtten i Jølster

RAS PÅ DYRKA MARK: Til saman gjekk det 25-30 i ras i Jølster under uvêret sist tysdag. Mange av dei dekkjer dyrka slåttemark, som her på Slåtten sørvest for Vassenden.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Uframkomelege

Det har òg danna seg nye elveløp på stadar der det tidelegare har vore dyrka mark.

– Ein del marker er rett og slett uframkomelege i lang tid framover, seier Støfring

Ifølgje bondelagsleiaren er det òg er eit problem for fleire at store areal er øydelagde før andreslåtten. Sjølv har mista hundrevis av rundballar.

– Dei er skubba langt ned bakkane og gravd ned, eller skubba på elva. Vi ser dei aldri meir igjen.

– Tregheit i systemet

No byrjar arbeidet med å få oversikt over skadane, og å finne ut korleis dette skal erstattast.

– Her må grunneigarane sette seg ned og ta ei runde med seg sjølv på kva skadane er. I bondelaget har vi ei rolle i å få synleggjort skadane. Vi må hjelpe til der, og presentere både erstatningsordningar og løysingar som ligg der.

Bondelagsleiaren seier at skadane i Jølster er så store at det nesten vil vere umogleg for bøndene å rydde opp i alt sjølve.

– Ein må inn å lage ordningar, og evaluere dei som har vore før. Det er eit problem at det er tregheit i systemet, og ein må få ut midlar raskare.

Ras på slåttemark på Slåtten i Jølster

DÅRLEG ANDRESLÅTT: Etter ein god førsteslått, kan mange av jølstrabøndene få redusert andreslått som følgje av ras og øydeleggingar.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Enorme summar

Sjølv om skadane på dyrka jord er store, seier Støfring at dei først og fremst er opptekne av folk.

– Her er folk som er sakna, og stadar som er truga for busetnad som ein må gjere noko for å sikre. Så kjem jorda som er nærings- og driftsgrunnlag, som har vore opparbeidd over hundrevis av år og no er rasert.

For å få bygd opp att jordbruksarealet må ein tenke nytt, ifølgje Støfring. Det vil ikkje vere gjort gratis.

– Enorme summar må brukast, og det må gjereast saman med myndigheitene. Når vatn byrjar å gå på nye stadar i naturen vår kan det gjere varige endringar for kva vi kan drive med.