Hopp til innhold

Slik såg det ut i Førde sentrum

- Det er flaum og totalt kaos i delar av Førde sentrum, det sa teknisk sjef i Førde kommune, Bernard Øberg måndag kveld. Ordførar Olve Grotle ba folk rett og slett halde seg vekke.

– Det er ikkje dagen for å gå på andre juledagsfest i Førde sentrum, og det er i alle fall ikkje dagen for å reise i sentrum for å sjå kva som skjer. Eg vil oppmode folk om å rett og slett halde seg inne, seier ordførar Olve Grotle (H).

Saman med kommuneleiinga sat han i kveld og i natt i kriseberedskap i kommunehuset.

Elva stig

Nærmare midnatt meiner ordføraren å sjå betring i dei trafikale problema.

Olve Grotle

- BLI HEIME: Ordførar Olve Grotle ber folk halde seg unna både Førde sentrum og den flaumstore Jølstra.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Heldigvis ser det ut til at problema vi har hatt med oversvømde vegar og overflatevatn på vegane, no ser ut til å avta. Nedbørsmengdene ser ut til å minke og vi ser meir optimistisk på det no enn vi gjorde tidlegare i kveld, seier Grotle.

Samstundes har eit nytt problem meldt seg.

– Vi har fått ei bekymring knytt til elva Jølstra som renn gjennom Førde sentrum. Vi ser at vasstanden aukar, og vi er redd den vil gå over sine breidder.

Ordføraren har ei klar oppmoding til førdianarane:

– Ein bør i alle fall unngå å komme nær Jølstra som no er ei farleg elv å opphalde seg i nærleiken av.

Kommunen har så langt ikkje fått inn så mange skaderapportar, men ordføraren er kjent med at fleire hus, butikkar og Førde hotell har fått inn vatn.

Flaum ei rekkje stader

Tidlegare måndag kveld oppsummerte ordføraren stoda slik:

– Det er oversvømmelsar ei rekkje stader i Førde sentrum. Både E39 gjennom Førde og også på ein del andre vegar har vi problem med overflatevatnet, fortel Grotle.

Blant anna er kjellaren i Førde hotell full av vatn.

I Viåsen, eit byggjefelt med 1000 innbyggjarar har vegen vore oversvømt, slik at folk har hatt problem med å komme seg inn og ut av området.

– Men det er ikkje snakk om evakueringar, seier Grotle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaum i Førde sentrum

ENORME MENGDER VATN: I Førde sentrum straumer det over med vatn måndag kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ikkje full kontroll

– Har de kontroll på situasjonen?

– Både ja og nei. Vi har kontroll på det som har med trafikk og tryggleik å gjere. Men sjølvsagt er det vanskeleg å få kontroll på vassmengdene. Vi håpar at vi i løpet av kvelden og natta vil få betre drenering, slik at i alle fall dei trafikale problema blir løyste.

Grotle ser likevel med skepsis på springfloa som først er meldt å nå sitt høgste nivå rundt midnatt.

– Det er nok ei utfordring. Sjølv om vi no får meldingar om at nedbøren minkar, blir det utfordrande og krevjande framover.

Brannvesenet jobbar på spreng

Brannvesenet i Førde har alt tilgjengeleg mannskap ute for å freite å dempe skadeomfanget.

- Det er flaum og totalt kaos i delar av Førde sentrum, det seier teknisk sjef og brannsjef i Førde, Bernard Øberg.

Ved Førde Hotell er E39 stengd fordi ei elv renn over vegen.

Trafikken må gå gjennom Førde sentrum, noko som har ført til lange bilkøar på begge sider.

Kjellarar oversvømde

Oppe i byggjefelta er fleire kjellarar oversvøymde.

- Regnet høljar ned vatnet flyt overalt. Det er totalt kaos. Vi har kalla inn mannskap frå sivilforsvaret til å passe på elvar og bekkar, og vi har elles alt tilgjengeleg personell ute, fortel Øberg.

Berga hestestall

Også på Bruland i Førde har vassmengdene skapt store problem.

– Her har vatnet tatt alle vegar. Det er kome ned over bøane. Pallefabrkken er full av vatn. Byggmakker er fyllt med vatn. Og ein stall har vore i fare for å bli tatt av vassmassane, fortel Sissel Bruland.

Ein frykta ei tid for hestane som stod i stallen, men ved hjelp av gravemaskin har ein fått sikra bygget. 10-15 personar har delteke i bergingsaksjonen.

Bruland skildrar uvêret i jula som «heilt forferdeleg».

– Eg trudde ikkje eg budde i eit område der det skulle vere fare for flaum. Eg har aldri opplevd liknande, seier Sissel Bruland.