Hopp til innhold

Flaug inn i høgspentlinje

Ein mann i 50-åra er skadd etter å ha floge inn i ei høgspentlinje med paraglider.

Paragliderulukke i Leikanger på Stadlandet

TRAFF KRAFTLINJA: Mannen starta turen frå fjellet i bakgrunnen.

Foto: Erik Hove

Ulukka skjedde i Leikanger på Stadlandet i Selje kommune laurdag ettermiddag.

Luftambulanse, ambulanse og politi blei sende til staden etter at meldinga om ulukka kom klokka 18.

Mann var bevisst rett etter ulukka. Han blei flogen til sentralsjukehuset i Førde med luftambulansen.

I følgje AMK er den 53 år gamle mannen moderat skadd og han er innlagd på intensiv avdeling.

Operasjonsleiar Harald Vårdal i politiet seier dei no skal prøve å finne ut kva som gjekk gale.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.