Hopp til innhold

Flaug 96 timar for oppdrag i Nigeria

– Vi har vore på ein liten flytur til Nigeria, humrar helikopterpilot Bjørn Frode Amundsen. Den «vesle turen» er den lengste eit Airlift-helikopter har gjort for eit oppdrag.

Etter ein ni dagar lang reise, utførte Airlift-besetninga oppdraget for oljegiganten Total. I alt 18 000 timar og 96 timar tok flyturen tur/retur.

SJÅ VIDEO: Aldri før har Airlift reist så langt for eit så lite oppdrag. (FOTO/REDIGERING: ALF VIDAR SNÆLAND)

Bjørn Frode Amundsen

KAPTEIN: Bjørn Frode Amundsen fekk i februar nok ein langtur for Airlift.

Foto: Alf Vidar Snæland

Amundsen og besetningen hans er vel heime etter å ha bytta flammetårn for den franske oljegiganten Total utanfor kysten av Nigeria.

Det tok 96 timar å fly dei 18 000 kilometerane til og frå Nigerias tidlegare hovudstad Lagos.

– Det er halvveges rundt jorda for ein liten operasjon, seier pilot Bjørn Frode Amundsen.

Skulle ete først ...

Det var ikkje mange timar helikopteret var i sving då dei bytte fire tårn på riggane Akpo og AMQ. Kvart tårn tek kring fire timar å skifte. Airlift sin del av jobben, tek langt kortare tid.

Airlift på oljeplattformen Akpo utanfor Nigeria
Foto: Privat

Faktisk så kort tid at plattformsjefen på Akpo ikkje rakk det.

– Vi varsla som avtalt då vi byrja, men han skulle ha seg eit måltid. Då han var ferdig med maten, så var også vi ferdige. Han måtte sjå det på video i ettertid, ler Amundsen.

Ikkje første langtur

Det er søsterselskapet Vertech Offshore som har spesialisert seg på slike jobbar. Difor er det ikkje første gang at Amundsen og Super Pumaen «Obelix» har bytta flammetårn.

For tre år sidan flaug dei «berre» 60 timar for eit oppdrag i Qatar . Dei har også vore til Abu Dhabi.

Plattformene var stengde i halvanna døgn under operasjonen.

Crewet som Airlift sendte til Nigeria

BESETNING: Co-pilot Terje Gundersen (f.v.), kaptein Bjørn Frode Amundsen, assistent Richard Trives og teknikar Arild Johansen var på langtur for Airlift.

Foto: Privat

– Alternativ er å montere opp spir og taubane, eller ein kranrigg. Det er ikkje billeg noko av delane. Eg trur alternativa er meir kostbare og tek lengre tid enn å hente helikopter frå Norge, seier Amundsen.

Ni dagar ned

Helikopter over Downing Street i London

LONDON: Airlift har hatt oppdrag i Antarktis, Pakistan, Qatar, Abu Dhabi og Grønland. Her er dei i sving i nærleiken av statsministerbustaden 10 Downing Street i London.

Foto: Privat

Turen nedover tok ni dagar. Både i spanske Malaga og gambiske Banjul overnatta besetninga i to døgn. Port Harcourt var den 15. og siste landinga.

– Det må ha vore ei eksotisk oppleving?

– Det er først når du er heime i din eigen sofa at du tenkjer på kva du har opplevd.

Flammetårnet ved Akpå

AKPO: Super Pumaen vart bygt i 1981 og har vore i Airlift sitt eige sidan 2003. I bakgrunnen ser ein flammetårna som helikopteret skulle bytte ut i Nigeria.

Foto: Privat

– Du er så konsentrert og oppteken med planlegging når du gjer jobben. Ein skal innom mange land, det er mange landingar, du må lage flyplan, du har ansvaret for mannskapet om bord og det blir lange dagar, nemner Amundsen.

Grua seg

Amundsen vedgår at afrikaturen er den første han har kvidd seg til. Spesielt i ei tid der verda er prega av ein del uro.

Som Boko Haram, ei islamistisk militant gruppe, som har ført til mykje uro i Nigeria. Før turen fekk dei råd frå UD og hotella valde dei ut tryggleiken for seg sjølve.

– Eg var fire månader i Antarktis. Det var så spennande at eg berre gledde meg. No fekk eg ikkje nyte det så mykje før etter turen, seier han.

Airlift til Nigeria