Hopp til innhold

Flau over passasjerane

- Det var ei spesiell oppleving, seier Olvard Håland, bussjåføren som i fire dagar har køyrt rundt på det indiske reiselskapet som blei landskjende etter ein matpause litt utanom det vanlege på Vassenden i Jølster no i helga.

Jølstraholmen
Foto: Ottar Starheim / NRK

Flau bussjåfør fortel om reisefølgjet

Før dei kom til Noreg har det indiske reiseselskapet frå Mumbai vore på ei lang reise gjennom både Russland, Sverige og Finland.

Vart avviste i Førde

- Det starta i Førde, for dei ville ha seg ein lunsj. Eg visste ikkje om at dei hadde med seg mat.  Dei var  innom Quality  Førde Hotell og bad om å få låne kjøkkenet der. Men der vart dei avviste. Då vi køyrde vidare, tenkte eg at dei ville stanse på rasteplassen ved Jølstravatnet.

Såg kniv og gaffel

Men då det indiske reisefølget fekk auge på skiltet med kniv og gaffel på Jølstraholmen, fekk Håland beskjed om å stanse. 

Og for kafévert Norodd Støfring på Jølstraholmen vart det ei spesiell oppleving då det indiske reiseselskapet på nesten 100 personar benka seg rundt borda og byrja å servere medbrakt mat på papptallerkenar.

 Heldt seg unna

Og sjåfør Olvard Håland tykte det heile vart så pinleg at han heldt seg inne på bensinstasjonen på Jølstraholmen medan indarane inntok måltidet sitt.

Såg på Bollywood-filmar

Sjåføren er og forundra over passasjerane sine når det gjeld interessa for den norske naturen. For då dei køyrde gjennom spektakulær natur i Stryn og Geiranger var dei mest opptekne av å sjå Bollywood-filmar frå India på DVD-anlegget i bussen, og kasta knapt eit blikk ut vindauget.