Hopp til innhold

Flått er meir døydeleg enn rovdyr

Flåtten dreper årleg fleire tusen sau og lam. Den er dermed meir døydeleg enn ulv og bjørn.

Flått
Foto: E. R. Deddinger / Scanpix

Problemet er no så stort at Bioforsk har teke initiativ til eit nasjonalt prosjekt som skal stogge den blodsugande midden.

- Det er observert tap på opp mot 30 prosent på grunn av sjodogg, som er sjukdomen flåtten kan medføre. Problematikken må takast på alvor. Vi vil sjå om det er skilnad på rasar og individ og sjå korleis vi kan førebygge sjogdogg, seier Lise Grøva ved Bioforsk.

Auka problem

Også i Sogn og Fjordane er det en auke i tal sauer som vert sjuke av flått. Det fortel leiar i sau- og geitealslaget i fylket, Halvar Espeseth.

- Ein av årsakene er attgroing og kratt på område som tidlegare var opne. Flåtten likar å slå seg ned i desse områda, seier han. Han meiner opnare landskap og betre kontroll og behandling av dyr kan redusere faren for sjodogg.

Mindre dyr - større problem

Bonde Eli Berge Ness i Viksdalen er samd i at sjodogg er blitt eit stort problem dei siste åra. Med færre dyr, vert det mindre beiting i enkelte område, noko som igjen fører med seg meir gjenngroing og større flått-problem.

- Det er med dyr som med folk at enkelte reagerer meir enn andre. Vi hadde eit dyr som fekk flåttbet og det byrja berre å visne vekk, seier ho.