Hopp til innhold

Flatland skaut seg vekk

Dei norske jentene skaut seg vekk og enda til slutt på åttande plass under kvinnenes stafett i skiskyting i tyske Obersthof torsdag kveld.

Ann Kristin Aafedt Flatland

BOMMA: Det var ein dårleg dag på jobben for Ann Kristin Aafedt Flatland og dei andre norske skiskyttarjentene.

Foto: NRK

Ann Kristin Aafedt Flatland måtte ut på tre strafferundar.

Sleit i skodda

Ingen av dei norske verka å ha heilt dagen under kveldens konkurranse i Obersthof. Vik-jenta som gjekk andre etappe for Norge gjekk ut som nummer åtte, og det vart også plasseringa Norge fekk til slutt.

I tjukk skodde og snø sleit Aafedt Flatland på standplass. På liggande skyting vart det fem bom og to strafferundar.

Det gjekk hakket betre på ståande skyting. Der slapp ho unna med fire bom og ei strafferunde.

- Dette held rett og slett ikkje, sa NRK kommentator Jan Hervig Carlsen om skytinga.

Framleis best av dei norske

Aafedt Flatland er best av dei norske jentene samanlagt til no i verdscupen. Med 170 poeng ligg ho på 12. plass.

Tora Berger er nest beste norske dame med 133 poeng på 20. plass.

LES OG: Sjå kven Flatland kjempar om samanlagtsiger med