Hopp til innhold

Flatland satsar mot VM i 2012

Skiskyttaren Ann Kristin Aaefedt Flatland har bestemt seg for å satse eit år til på skiskyting. No er målet VM i Ruhpolding i Tyskland neste år.

Ann-Kristin Flatland.

SATSAR EIT ÅR TIL: Ann-Kristin Aaefedt Flatland gir seg ikkje med skiskyting enno.

Foto: Heidi Lise Bakke

28-åringen meiner at framgangen har vore så stor dei siste åra, at ho ikkje kan gi seg no.

– Eg har meir å gå på og kan utvikle meg som skiskyttar, seier ho.

Blei veldig sliten

Ho tek eit år om gongen, slik ho har gjort dei siste åra. Eit skuffande VM i Sibir har ikkje teke motivasjonen frå vikjajenta. Ho er veldig nøgd med å komme heim med gull på mixed-stafetten, sjølv om dei andre resultata uteblei.

– Eg var veldig sliten under VM. Eg var sjuk då eg burde trene, og det blei for mange renn for kroppen.

Sesongen under eitt er ho nøgd med. Dei første månadane gjorde ho det bra og ho tok også sin første verdscupsiger.

– Eg fekk også fleire topp 10-plasseringar og samanlagt blei eg nummer 15. Det er er nøgd med.

Skal bli meir kynisk

No er målet VM i Ruhpolding i mars neste år. Ho satsar alt på individuelle medaljar og stafettmedalje.

– VM i den tyske byen høyres veldig fristande ut. Eg likar meg der og det brukar å vere mykje nordmenn tilstades.

No har ho hatt rolege dagar og påskeferie. 1. mai startar sesongoppkøyringa for fullt igjen. Målet er å bli meir stabil på skytinga .

– Eg må klare å skyte fleire fulle hus. Eg skal også bli meir kynisk i forhold til å stå over løp. Det har eg vore for dårleg til. Difor har eg blitt sliten, slik eg blei under VM i år.