Hopp til innhold

Flatland på 78. plass i VM

Det vart ein svært dårleg dag for Ann Kristin Aafedt Flatland under kvinnene sin 15 kilometer normaldistanse under VM i skiskyting onsdag.

Ann Kristin Aafedt Flatland på standplass

BOM, BOM, BOM OG BOM: På fjerde og siste skyting vert det fire bom på Ann Kristin Aafedt Flatland.

Foto: NRK1/skjermdump

- Eg trur ikkje det er verdt å bruke så mange ord for dette løpet, seier Aafedt Flatland nesten lattermild etter at ho gjekk i mål.

Bomma på halvparten av skota

Vik-jenta bomma på halvparten av sine 20 skot, og fekk til slutt 10 tilleggsminutt i den kraftige vinden på standplass.

Med det plasserte ho seg heilt nede på 78. plass.

- Ingenting klaffa

- Eg veit ikkje om eg hadde så gale forhold, det er i hovudet det sit hos meg. Eg går dårleg på ski, og det igjen går utover skytinga, seier Flatland til NRK etter løpet.

Aafedt Flatland vart dårlegast av dei norske damene. Tora Berger vart beste norske på 10. plass.

- Eg klarte ikkje å ha fokus på det eg skal på standplass. Fysisk veit eg ikkje heilt kva som gjekk gale, seier Aafedt Flatland.