Hopp til innhold

Flatland nest best av dei norske

Skiskyttaren Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik gjekk inn til ein 23. plass på 15 km i Sotsji i dag.

Ann Kristin Aafedt Flatland

23. PLASS: Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik blei nest beste av dei norske med ein 23. plass.

Foto: Rune Fossum / NRK

Flatland gjekk i mål 4.24,3 minutt bak vinnaren Darja Domratsjeva frå Kviterussland. Ho skaut to bom på den første skytinga på normaldistansen og pådrog seg to tilleggsminutt. Beste norske blei Tora Berger på ein 3. plass.

Verdscuprenna går i Sotsji i Russland og det er OL-løypene som blir testa ut.

Klokka 15.30 er det 20 km for menn. Då stiller både Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø til start. Du kan følgje løpet direkte i nett-TV og på NRK1.