Hopp til innhold

Flatjord ute med kragebeinsbrot

Kampen mot Grorud er berre nokre minutt gammal når føredspelar Eirik Flatjord må gå av banen med skade. Seinare syner det seg at han har brote kragebeinet.

Eirik Flatjord

UTE MED KRAGEBEINSBROT: Førdspelar Eirik Flatjord måtte gå av banen etter få minutt med skade.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det siste eg har høyrt er at dei no vurderer operasjon, seier Førde-trenar Knut Erik Folland når NRK.no snakkar med klokka 16:30 sundag.

Dermed er nok vårsesongen over for Flatjord i ein kamp som heller ikkje gjekk Førde sin veg. Status etter 96 minutt blei 3–1 til Grorud.

– Vi gjer ein middels 1. omgang der vi får nokre stygge kontringar mot oss og ligg under til pause nokså fortent tykkjer eg.

Etter halvspelt kamp ledar Grorud med to mål av høvesvis Jonas Tekle og Preben Mankowittz. Lyspunktet for Førde sin del i 1. omgang er 16 år gamle Daniel Kvalvågnes som skyt i stanga like etter 2-0-målet til Grorud.

Knut Erik Folland

MEST NØGD MED 2. OMGANG: Førdetrenar Knut Erik Folland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Daniel er ein ung gut som vi forventar mykje av. Han er 16 år og har jobba godt i vinter, og eg spår han ei lysande framtid på fotballbana.

– Men han får mykje ansvar?

– Ja, vi har jo ikkje så mange spissar disponible. Men han er i rivande utvikling i fotballkarrieren si, og vi må berre gi han tillit og bygge han opp. Daniel kjem til å sleppe til mykje i år.

Først 37 minutt ut i andre omgang får Førde sitt einaste mål i kampen, signert Alexander Ødegård. Dette er også den omgangen trenar Folland er mest nøgd med.

– 2. omgang tykkjer eg er god. Vi jobbar mykje med å etablere spelet i år og vi styrer eigentleg kampen bra i 2. omgang. Vi har ballen stort sett heile omgangen men vi er ikkje effektive og rå nok.