Alle returflasker i Noreg er eigde av bryggeriforeininga sitt selskap Rentpack. Og kvar gong Lerum eller andre mineralvassprodusentar skal nytte seg av ein og ein halv liters-flasker, må dei betale eit gebyr på 66 øre per flaske. Men det både Lerum og Telemark kildevann no reagerer på er at bryggeriforeininga berre krev 44 øre i gebyr for spesialflasker som blir brukte til vatn.
- Ringnes med spesialflaske og
Bon Aqua har ei slik flaske i dag, og Jan Audun Larsen trur sjansane er store for at Ringnes kjem med ei tilsvarande løysing til hausten. Ringnes er også den største aktøren i bryggeriforeininga, og er dermed med å bestemme korleis gebyra skal vere. Eit slikt konkurransefortrinn vil ikkje logistikksjefen i Lerum akseptere.
- Favoriserer ikkje eigne
Dagleg leiar i Rentpack, Morten Sundell, vil helst ikkje kommentere skuldingane frå Lerum. Men han avviser at dei favoriserer sine eigne medlemmer, deriblant Ringnes.