Hopp til innhold

Flåmselvi stig framleis

Nils Morten Seim er så vidt ferdig med å utbetre skadane på huset etter storflaumen sist haust. Måndag kveld følgjer han Flåmselvi med engsteleg blikk.

Nils Morten Seim følgjer overvakar Flåmselvi

FRYKTAR FOR HUSET: Nils Morten Seim ser med skepsis Flåmselva nærme seg vegen framfor huset.

Foto: Arne Veum / NRK

– Vatnet stig framleis, så no er det ikkje så mykje å gå på. Kjem det opp til vegen renn det over og rett inn døra til meg. Det er vel kanskje ein halv meter om å gjere at det stig opp til vegen, seier Seim til NRK.

Har enno ikkje tatt alle romma i bruk

Huseigaren var ein av mange i Flåm som vart råka då storflaumen herja 28. oktober i fjor.

– Eg har ikkje rekt å bruke alle romma i huset sidan sist. Det er ein månad sidan huset var ferdig etter skadane frå førre flaum.

Seim saknar ytterlegare flaumførebygging med sandsekker.

– Eg synest det er rart at det ikkje er gjort meir. Det kunne ha vore klart eit lager med sandsekkar på til dømes ein lastebil som ein kunne køyrt ut ved akutt behov. Eg står på verandaen og følgjer med heile tida.

Knut Heggestad får hjelp av Jan Inge Magnussen til å pumpe vatn

VATN I KJELLAREN: Jan Inge Magnussen frå Aurland kommune hjelper huseigar Knut Heggestad med å pumpe vatn ut frå kjellaren. – Det er likevel ikkje slik som sist, seier Heggestad.

Foto: Arne Veum / NRK

Ordførar forstår frykta

– Eg har stor forståing for at dei som vart råka sist, slik som Nils Ove Seim er engstelege. Vi får håpe det går bra, og at elva ikkje aukar noko i natt. Flaumsikringstiltaka som er gjort har i alle fall vist seg å fungere, seier ordførar Noralv Distad (H).

Han legg til at særleg utgraving av masser i nedre del av elva har vore til stor hjelp. Kommunen har bidrege med sandsekker fleire stader.

Flaum på Brekke i Flåm

FLØYMER OVER: Dette jordet på Brekke i Flåm stod måndag ettermiddag under vatn. Det er førebels ikkje meldt om store skader langs vassdraget.

Foto: Arne Veum / NRK

– Gode prognosar for natta

Då NRK sist snakka med Distad i 15-tida måndag, trudde han flaumtoppen var nådd. Når ordføraren måndag kveld står ved Flåm Camping og følgjer med på den flaumstore elva, har vasstanden auka ytterlegare.

– Det har auka på utover sidan midt på dagen i dag. Men ein har enno litt å gå på. Prognosane er optimistiske, seier Distad.

Flåmselvi har enkelte stader grave ut masse nær jernbanen, men Flåmsbana går framleis i trafikk, etter at Jernbaneverket har inspisert skjenegangen.

Også i Undredal og Gudvangen blir det meldt om svært høg vassføring måndag kveld.

Tenesteleiar Reinhardt Sørensen overvakar Flåmsvassdraget

HØG BEREDSKAP: Tenesteleiar og brannsjef Reinhardt Sørensen er ein av mange i Aurland kommune som måndag kveld er ute for å halde oppsyn med Flåmselvi.

Foto: Arne Veum / NRK

Nedjusterer faregraden

Så langt er det berre i Jostedal det er meldt om uvanleg stor skade som følgje av sommarflaumen. Søndag kveld gjekk eit stort jordskred, truleg som følgje av snøsmelting, i Krundalen i Jostedal. Fleire sauer og eit par uthus vart tekne.

NVE håpar ein har sett flaumtoppen i dei fleste vassdraga på Vestlandet i løpet av kvelden.

– Vi har framleis faregrad oransje. Den skal gå ned til gul i morgon, altså faregrad to. Det betyr at det framleis er litt fare. Den største toppen i høve til snøsmelting er truleg tatt no, men vi skal framleis ha høg beredskap utover, opplyser regiondirektør Brigt Samdal i NVE.

Lærdalselva
Foto: Vidar Jansen