Dei siste målingane viser at vassmengdene i elva har auka frå 103 til 113 kubikkmeter i sekundet berre dei siste to timane. Saman med ein entreprenør er ordføraren på staden for å sjå om det er naudsynt å setje inn tiltak.
– Under flaumen sist oktober var det oppe i 250 kubikk i sekundet, så det er langt unna dei vassmengdene som var då. Men dette er mykje vatn og viss det stig ytterlegare, må me vera ekstra observante, seier Distad.
- Les også:
- Les også:
Håpar å unngå nye flaumskadar
Ordføraren seier dei forventar at vatnet vil stige enno meir.
– Vi har fått prognosar som viser at det ikkje blir så veldig store nedbørsmengder, men det er vanskeleg å seia kor byene vil treffe, seier Distad.
Eit anna lyspunkt er at temperaturen i høgfjella er forventa å gå kraftig ned, noko som vil minke tilsiget til vassdraga som følgje av snøsmelting.
– Sånn sett håpar me at me ikkje vil få nokon kjempestor flaum, men i timane framover så vil vatnet stiga. Og det er ein situasjon som me må følgja nøye, seier Distad.
Etter storflaumen i oktober i fjor har dei jobba kontinuerleg med å reparere elva etter øydeleggingane. Dei førebyggande tiltaka ser ut til å fungere øvst i elva, men spenninga er større lenger nede, der arbeidet enno ikkje er fullført.
– Der kan elva på enkelte punkt gå over sine breidder. Det må vi vere merksame på, seier Distad, som seier dei òg følgjer nøye med i Underdal og Nærøy.
Inspiserer elva etter raset
I Luster er ordførar Ivar Kvalen på plass i Krundalen saman med ein geolog frå NVE. Der gjekk det i går eit stort jordras som tok med seg uthus og fleire sauer.
– Me ønskjer å sjå på elveløpet der for eventuelt å gjera tiltak med tanke på dagane som kjem, seier Kvalen.
Enno er det ikkje meldt om problem i kommunen og ordføraren føler førebels dei har situasjonen under kontroll. Vassdraga i Mørkridsdalen og Fortunsdalen blir følgt ekstra tett.
– No gjeld det å følgje med om vasstanden skulle bli kritisk. Og så har vi vore i kontakt med ein del personar med eigedomar som ligg mest utsett til, seier Kvalen.
Følgjer utviklinga tett
I Stryn har regnet kome, men førebels ser elvene ut til å ta unna.
– Det som er vår store uro er at intensiteten på regnet skal auke og at vi får større vassføring i elvene våre, seier ordførar Sven Flo.
Kommunen førebur no eit koordineringsmøte, der dei vil førebu seg på det som er i vente og vurdere kva tiltak som trengst.
I Årdal er det forventa at det største trykket vil komme i Utladalen. Kommunen har no både teknisk drift og brannmannskap i beredskap og held løpande kontakt med lensmannen og beredskapsavdelinga hos Fylkesmannen om situasjonen.
– Vi følgjer heile tida med på kva som skjer. Akkurat no er det oransje beredskap. Eg har fått melding om at den kan bli trappa ned til gult nivå i løpet av morgondagen, viss det ikkje kjem alt for mykje nedbør, seier rådmann Olve Fossetun.